Hopp til innhold

Låg skadd i skogen etter to netter ute

Ein mann i 70-åra frå Holmestrand gjekk seg bort i Aurland, mellom Vassbygdi og Sinjarheim. Etter å ha vore ute i to netter og falle utfor ein skrent, vart den skadde mannen funnen måndag føremiddag.

Redningsaksjon Aurland

REDNING: Mannen låg skadd i tett bjørkeskog, og kunne ikkje gå. Han måtte likevel halde seg i bevegelse for å halde varmen i to netter ute i skogen.

Foto: Arne Veum

– Klokka 11.45 fekk vi melding frå Hovudredningssentralen om at han er funnen og vert teken hand om av lege på Sea King-redningshelikopteret, seier operasjonsleiar hjå politiet, Wenke Hope.

Store mannskap deltok i redningsaksjonen. Både redningshelikopteret, Røde Kors, redningshundar, politiet og turgåarar deltok i leitinga.

Mannen vart funnen på Berekvam, etter to tøffe døger.

To netter i skogen

Mannen gjekk frå Vassbygdi laurdag kveld rundt klokka 18.30, og skulle overnatte på Sinjarheim til måndag.

Turen frå Vassbygdi til Sinjarheim er normalt ein to timars tur, med rundt 500 meter høgdeforskjell. Men mannen i 70-åra har vore ute i to heile netter, seier Hope.

– Han vart overraska over at stien var lagt om sidan sist han var der, og har rota seg vekk, seier Hope.

Han hadde lys med seg.

– Det gjekk greitt første natta, men så fann han ikkje tilbake til stien. Han kjem seg korkje opp eller ned, og no veit han ikkje kvar han er, seier Hope.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leiteaksjon Aurland

STOR LEITEAKSJON: Store styrkar samla seg for å leite etter mannen. Her frå basen.

Foto: Arne Veum / NRK

Skadd og låg i tett bjørkeskog

Politiet fekk meldinga klokka 09.35 måndag morgon. Mannen hadde då ringt kona.

– Vi har også snakka med han no i føremiddag. Han seier at han har falle utfor ein skrent, og er skadd. Han klarar ikkje å gå, men held seg i bevegelse, seier Hope.

Ein stor redningsaksjon vart sett i verk. Sea King redningshelikopter, hjelpekorps frå Røde Kors i Aurland og Lærdal og fire politibetjentar deltok i søket. Også turgåarar på veg opp eller ned vart varsla om å vere på utkikk.

– Der er dårleg dekning nokre stader i dalen og det kan vere grunnen til at han ikkje har teke kontakt tidlegare. Der han er no er det god dekning.

Mannen ligg i bratt terreng, med mykje lauv på trea, så han greier ikkje å orientere seg for å finne ut kvar han er.

– Han har det ikkje bra. Han har vore ute lenge og er skadd. Men han er vaken og bevisst og forklarar seg godt når vi spør om noko, seier Hope.

Sinjarheim

MÅLET: Sinjarheim var målet med turen, men mannen i 70-åra vart overraska over at stien er lagt om. Han har no vore ute i to netter og er skadd etter eit fall. (Arkivfoto).

Foto: Steinar Lote / NRK
Aurland