NRK Meny
Normal

Her vert Odin (3 1/2) berga etter fire dagar på fjellhylle

Med regn og blåst og ørnar susande rundt øyro stod jämthunden Odin skorfast på ei berghylle 1300 meter over havet i fire dagar. Til og med 330-skvadronen måtte gje opp ...

Her blir Odin redda

RAPPELERTE NED: Jan Erik Farsund Nilsen og Sverre Sæten firte seg ned til fjellhylla der Odin stod fast.

Foto: privat

– Det har vore heilt grufulle dagar, seier matmor Anne-Sofie Fonn Nilsen frå Stardalen i Jølster. Første veka i september starta som eit mareritt.

Laurdag var matfar Jan Erik Farsund Nilsen på fjelltur til Gallen (1387 m.o.h.) inst i Stardalen med Odin og ein kompis.

Vel oppe losna dei hunden slik at han kunne få leggje seg ned og slappe av medan dei åt matpakken sin ved varden på toppen.

Men plutseleg var hunden vekk

Det var starten på eit fire dagar langt mareritt.

– Dei sat og åt og plutseleg såg dei at Odin var vekk. Dei leitte i fleire timar, men han var vekk, seier Nilsen.

Dei to karane måtte til slutt berre returnere til bygda, og håpte i det lengste at Odin kom seg ned ved eiga hjelp.

Men det skjedde ikkje. I staden for kunne dei høyre Odin gøy fortvila, både natt og dag.

– Både vi som bur på Fonn og også framme i dalen har vi høyrt han, seier Nilsen.

Men å lokalisere hunden gjekk det lang tid før dei klarte. Skodde, regn, vind og lågt skydekke gav dårleg sikt. I tillegg er Odin svart og grå, og skilde seg ikkje veldig ut i terrenget.

(Artikkelen held fram under biletet)

På veg ned til Odin

BRATT: Det var uråd å ta seg ned til Odin utan klatreutstyr.

Foto: privat

Høyrde han gøy, men såg han ikkje

Nilsen innrømmer at det var hardt å høyre hunden gøy om hjelp, utan å kunne gjere det skapte grann.

– Det var heilt forferdeleg. Odin er ein del av familien. Og å høyre at han gir lyd frå seg, utan at vi visste kor han var eller kunne hjelpe, det var veldig fortvilande, seier Nilsen.

Odin er ein jämthund som vert nytta til både hjortejakt og elgjakt. Han er også trent som ettersøkshund, i tillegg til at han er eit kjært familiemedlem for både små og store.

Familien har leita og leita, gått opp og ned på Gallen, ropt og kalla for å finne ut kor lyden kom frå. Utan resultat.

Men til slutt klarte mannen til Anne-Sofie, Jan Erik å sjå hunden på ei fjellhylle på 1 x 1,5 meter like nedanfor toppen på Gallen. Problemet var berre at for å få tilgang til fjellhylla, ville det vere ei klar føremon å ha vengjer ...

- Det var heilt umogleg å komme seg ned dit, og hunden sat heilt fast, seier Nilsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Odin

GLAD HUND: Odin var lite prega av fire dagar under open himmel, og er klar som eit egg til innsats på hjortejakta.

Foto: privat

330-skvadronen måtte gje opp

Familien kontakta Forsvaret sin 330-skvadron som har redningshelikopter i Florø. Dei er ikkje heilt uvane med uvanlege redningsaksjonar, og sa at dei kunne gje det eit forsøk når dei likevel skulle flyge forbi.

– Dei kom måndag, men det var skikkeleg dårleg vêr med både tåke, vind og regn. Dei prøvde to gonger, men dei hadde ikkje moglegheit til å komme seg inn der vi var, seier Nilsen.

Naturleg nok sokk håpet hjå familien, og tanken om at det til slutt ville ende med at hunden måtte skytast ned, streifa nok fleire.

Bratt

RETT NED: Frå fjellhylla var det vel 1300 meter rett ned.

Foto: privat

Men Jan Erik Farsund Nilsen hadde ikkje tenkt å la noko vere uprøvd for å få ned hunden sin. Han fekk med seg kameraten Sverre Sæten, som er van med klatring, og gjorde eit forsøk på å berge Odin ved å rappellere seg ned til hunden.

– Det var absolutt siste løysing, seier Nilsen.

Heldt på å skli ut av selen

Tysdag gjorde karane seg klar til å prøve, og Odin gøydde desperat for hjelp.

Men nokon gonger løner det seg å ikkje gje opp.

– Dei gjekk opp frå morgonen av, og i 13-14-tida hadde dei klart å rappellere seg ned til han. Dei fekk festa tau rundt hunden og drege han opp, fortel Nilsen.

Dramaet var ikkje helt over med ein gong, for på vegen opp heldt Odin på å skli ut av tauet.

– Men dei klarte det til slutt. Han var glad og nøgd då han kom opp på toppen, seier Nilsen, som ikkje legg skjul på at kjenslene omtrent var utanpå kroppen då ho fekk hunden i armane att.

– Eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Tårene trilla. Det var utruleg godt å ha han heime att, seier Nilsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gallen

BRATT OG ULENDT: Odin sat fast på ei bittelita fjellhylle like under toppen på Gallen, over 1300 m.o.h.

Foto: privat

Kompisen mista heilt matlysta

Og det var ikkje berre firbeinte som hadde sakna Odin.

– Vi har ein hund til, ein gordon setter. Ho har ikkje hatt lyst på mat. Ho sakna kompisen sin og har merka at det var noko som ikkje stemde. Det var stor stas då han kom ned att, seier Nilsen.

Odin sjølv var ikkje særleg prega av hendinga.

– Han var seg sjølv. Han fekk mat og drikke på toppen, og sprang etter lomhundar og ryper og det som var. Han var i kjempeform, seier Nilsen.

Men selen, som hunden hadde på seg, var fullstendig opptoggen.

– Så han har nok hatt noko å gjere på. Selen var heilt i filler, seier Nilsen.

Ho trur nok Odin vert passa litt ekstra på no når han skal vere med på hjortejakt.

– Vi må nok gjere det. Men han er klar for jobb og gler seg til jakt, seier Nilsen.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast