Hopp til innhold

Berga av redningsskøyta fem gonger

85 år gamle Edvard Nygård fekk fredag hjelp av redningsskøyta «Halfdan Grieg» i Skatestraumen. Det er femte gongen han har blitt berga av ei redningsskøyte.

Redningsskøyta Halfdan Grieg

FOR FEMTE GONG: Redningsskøyta Halfdan Grieg hjelper sjarken til Edvard Nygård i hamn.

Foto: Bjarne Eldevik

Fredag var han på fisketur med to tyske fisketuristar i sjarken sin, «Margen». Han er oppvaksen ved Skatestraumen og kjenner fiskeplassane der.

Dei hadde fiska i to timar ved Hornelflua då Edvard skulle slå bakk. Då kom det eit høgt smell, alle dei fire boltane i koplinga frå giret til propellakslinga rauk tvers av.

Edvard Nygård

FIRE BOLTAR RAUK: Edvard Nygård må reparere.

Foto: Bjarne Eldevik

Nærma seg land faretruande fort

I den sterke straumen heldt dei på å drive på land. Han ringde redningsskøyta og prøvde så godt han kunne å halde båten unna land medan han venta på hjelpa.

– Eg måtte bruke ei padleåre, det var ein litt stri tørn då det var sterk austleg straum i sjøen, men eg hadde ein dregg som eg kunna ha brukt i naudstilfelle, og det var nære på, for vi nærma oss land faretruande fort.

Dei to tyske pensjonistane vart litt urolege.

– Dei roa seg då eg sa at eg hadde tilkalla hjelp, og at redningsskøyta skulle kome med ein gong.

Og «Halfdan Grieg» kom til unnsetning før det vart naudsynt å kaste ut dreggen. Edvard Nygård kunne konstatere at han igjen hadde fått hjelp. Han har hatt båt i 35 år og vore medlem i Redningsselskapet like lenge.

Redningsskøyta Halfdan Grieg

FULLFØRT OPPDRAG: Redningsskøyta har hjelpt han, for femte gong.

Foto: Bjarne Eldevik

Første gongen for 20 år sidan

Og han har fått valuta for medlemspengane. Dette var femte gongen han fekk hjelp. Første gongen var for 20 år sidan.

– Det var ei fin julinatt. Eg skulle ut og pilke vest av Bremanger då giret rauk vest av Husevågøy. Då var det berre å tilkalle redningsskøyta.

To gonger seinare har han fått garn i propellen i Skatestraumen, og ein gong gjekk båten rett i fjellet på sakte fart medan Edvard var oppteken med å klargjere fiskeutstyr.

– Dei er uunnverlege

Kvar gong var redningsskøyta god å ha.

– Det er ikkje tvil i mi sjel, redningsskøyta må vi få behalde. Dei gjer ei god teneste langs kysten, dei er uunnverlege.

Og sjølv har Edvard Nygård bestilt nye boltar, så snart er «Margen» klar til ein ny tur.

Edvard Nygård og to tyske fisketuristar

TRYGT I LAND: Edvard Nygård kan hjelpe dei to tyske turistane i land.

Foto: Bjarne Eldevik