Hopp til innhold

«På eit tidspunkt må eg innrømme at eg såg mørkt på situasjonen»

Då den eine etter den andre meldinga tikka inn om brannen i Gudvangatunnelen på E16, såg beredskapssjef i Helse Førde, Stian Sægrov, ei stund mørkt på det.

Montasje Gudvangatunnelen

STORE MANNSKAP I SVING: Fungerande beredskapssjef i Helse Førde, Stian Sægrov, fortel om ein formidabel innsats frå alle einingar under brannen i Gudvangatunnelen.

Foto: Heidi Lise Bakke/Monika Blikås/Arne Veum / NRK

– I starten var det veldig kaotisk og uoversiktleg. Meldingane vart berre verre

og verre, og det gjekk raskt frå å vere få personar til veldig, veldig mange personar. På eitt tidspunkt på eg innrømme at eg såg mørkt på situasjonen, seier Sægrov.

Han er sjef for ambulansetenesta i Helse Førde, og fungerer for tida som beredskapssjef i Helse Førde.

Stor var difor letta då meldingane kom om at folk kom springane ut frå tunnelen, ved eiga hjelp.

– Utover ettermiddagen og kvelden såg det faktisk ganske lyst ut, sjølv om det var mange på sjukehus, seier Sægrov.

Kalla inn ekstra mannskap

Når det skjer ei ulykke, er det Akuttmedisinsk naudsentral (AMK) som tek i mot naudmeldinga.

– Dei koordinerer seg med dei ulike fagsentralane politi og brann. Så set føretaket beredskapsleiing, det er det også i Lærdal. Så kallar vi inn ekstra mannskap, og held også att mannskap på sjukehuset for å ta seg av pasientane som treng hjelp, seier Sægrov.

Det var enorme ressursar i sving.

– Vi hadde fem ambulansar i sving inne i Sogn, pluss seks her i Førde for å ta seg av transport til og frå. Bergen hadde åtte ambulansar, i tillegg til at vi hadde fem helikopter. Av dei var to redningshelikopter frå Florø og Sola, seier Sægrov.

Håpar det held seg stabilt

At ulykka hende inne Norges nest-lengste vegtunnel, gjorde redningsarbeidet ytterlegare krevjande.

– Vi er avhengige av at brannvesenet kan rykkje inn og få røykdykkarar inn der. Vi kan ikkje reise inn i tunnelane før det er klarert av brannvesenet, seier Sægrov.

Han fortel at det var mange tankar som kverna i hovudet då han omsider tok kvelden i går.

– Eg håpte berre at dei meldingane vi hadde fått om personar som var alvorleg røykskadde, en stabile, at dei skulle halde seg. Og at vi skulle klare å takle denne situasjonen med eit lykkeleg resultat, seier Sægrov.

– Ein kan mistenkje seinkomplikasjonar i forhold til skadar i lungene eller luftvegane. Det kan komme seinare, og treng ikkje komme dei første timane, seier Sægrov.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utbrent lastebil i Gudvangatunnelen.

HEILT UTBREND: Det er fint lite att av trekkvogna på semitraileren.

Foto: Brannvesenet

Skal evaluere

Om nokon av pasientane slepper ut i dag, kjenner han ikkje til.

– Dei vert vurderte fortløpande. Visittane vil vise om nokon av desse vert utskrivne i dag, seier Sægrov.

No er det tid for evaluering.

– Det vil bli gjort evaluering av innsatsen blant dei som var involverte, og så vil dette bli samla i eit større dokument, seier Sægrov.

Var til tider uoversiktleg

Koordinator ved Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, Trym Holen, kom på jobb i 15-tida måndag.

Han fortel om kaotiske tilstandar medan det stod på.

– Det var rimeleg kaotisk. Mykje ressursar ute og mange pasientar. Det var til tider ein uoversiktleg situasjon, seier Holen.

Trym Holen

TRAVELT: Koordinator ved Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, Trym Holen, fortel om ville tilstandar.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Når slike ting skjer, må ein omrokkere folk og fordele arbeidsoppgåver kjapt, for å kunne gjere ein best mogleg jobb.

– Vi fordeler oss litt i sentralen, nokon må ta seg av dei andre oppgåva som nødvendigvis går føre seg, medan eit par stykkjer konsentrerer seg om det som har med ulykka å gjere, seier Holen.

Hadde fem helikopter i sving

– I går hadde vi direkte kontakt med Lærdal sjukehus og legen der, som måtte ta prioriteringane og melde inn kva han ønskte, fortel Holen.

Med på redningsarbeidet var også fem helikopter, to av dei redningshelikopter som Hovudredningssentralen på Sola disponerer vida 330-skvadronen.

– Vi hadde også tett kontakt med HRS. Dei hadde Sea King-helikopter tilgjengeleg, og dei klarte å ta ein del passasjerar for kvar tur, seier Holen.

Det kom stadig nye pasientar til, så ei stund var det rimeleg uoversiktleg kor mange pasientar ein verkeleg snakka om.

Utfordrande situasjon

Også ved akuttmottaket ved Førde sentralsjukehus var det ei stund ganske fullt med pasientar, som trengde medisinsk tilsyn.

– I 21-tida trur eg vi hadde fått alle inn til sjukehus, seier Holen.

Slike typar situasjonar er heldigvis av det sjeldne slaget, men likevel må Helse Førde og dei som jobbar der, vere budde på det verste. Kvar einaste dag. Det er ein krevjande situasjon.

– Det er veldig utfordrande. Dette er område med i utgangspunktet lite ressursar, og i går var vi litt heldige i og med at dei fleste pasientane var ganske oppegåande. Slike hendingar er svært utfordrande, seier Holen.