NRK Meny
Normal

Beredskapen fungerte bra

Framleis er det ei stund til ein får den fulle oversikta over skadane etter Tor sine herjingar i fylket.

Campingvogn

– Men eg har inntrykk av beredskapen i fylket denne gongen fungerte bra. For det første så var kommunane og dei ulike beredskapsaktørane godt budde denne gongen. Det var jo ei hending som var godt varsla, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

I fleire timar fredag kveld herja ekstremvêret Tor i Sogn og Fjordane. På det meste var 10 000 utan straum i fylket , og fleire tusen miste og telefon og internett tilgang.

– Og det er ikkje bra. Ein har gjort mykje for å gjere telesystema meir motstandsdyktige, men når vêret blir tøft nok så får ein utfall. Det vi og ser er at dei er ein nøye samanheng mellom kraftforsyning og teleforsyning, seier Stensvand.

Ikkje oversikt over skadane

Fylkesberedskapssjefen har fått ei tilbakemelding frå kommunane som til no beskriv mindre skadar enn under Dagmar.

– Men noko oversikt over det økonomiske omfanget har eg ikkje, seier Stensvand.

Heller ikkje forsikringsbransjen kan førebels seie noko om det totale skadeomfanget, fordi det framleis kjem inn skademeldingar.

– På generelt grunnlag kan vi seie at vi har fått inn meldingar om mange små skadar, og nokre store. Det er og stor spreiing i korleis skadane har råka geografisk seier Tonje Westby som er kommunikasjonssjef i Finans Norge.

Lærte av Dagmar

Då ekstremvêret Tor slo inn over landet fredag kveld kunne beredskapsapparatet trekke vekslar på lærdomane frå Dagmar .

– I den grad ein kan snakke om at det kom noko godt ut av Dagmar så er det at vi fekk ei bevisstgjering i kommunar og beredskapsorganisasjonar.

Under Dagmar i 2011 opplevde mange kommunar å verte straumlause og isolerte utan kontakt med omverda. Sjølv om mange miste både straum og telefonsamband også denne gongen var konsekvensane likevel på langt nær så store som for fem år sidan.

– Kommunane og beredskapsorganisasjonane er betre utstyrte i dag med satellitt-telefonar. Ein har og vore flinkare på førebygging og er mindre sårbare i dag med tanke på bortfall av straum. Alders- og sjukeheimar er nok i dag betre forsynte med naudstraum enn dei var i 2011, seier Stendsvand.