Hopp til innhold

Berebjelkar sluttar i protest

Handballdamene til Jotun går inn i sesongen utan sentrale Lene Kvam (32) og Heida Arsenault (31).

Vingspelaren Heida Døgg Arsenault frå Island.

SLUTTAR: Vingspelar Heida Døgg Arsenault (biletet) og Lene Kvam sluttar i Jotun.

Foto: Siren B. Svortevik

Duoen sluttar i klubben i protest over manglande kontraktar, skriv Sogn Avis.

Berre fire spelarar i klubben har fått kontraktstilbod frå klubben. Lene Kvam seier at dette også har vore eit problem tidlegare.

– For meg spelar det ingen rolle om eg får betalt 50 øre eller ein million, det handlar om sjølve kjensla av å ha alt i orden med ein kontrakt, seier Kvam til avisa.

Heida Arsenault seier ho har gjort fleire forsøk på å få samtalar med leiinga, men at dette så langt ikkje har ført fram.

Olafur Sveinsson

UHELDIG: Trenar Olafur Sveinsson.

Foto: Alf Vidar Snæland

Jotun-leiar Gunn Lerøy stiller seg uforståande til kritikken og seier til Sogn Avis at dei framleis jobbar med spelarstallen. Vidare presiserer ho at spelarane ikkje har hatt kontraktar før heller.

– Dette er ein uønskt situasjon for alle partar. Eg må halde meg til det leiinga i klubben gjer når det gjeld kontraktane til spelarane, men eg håpar det løyser seg til slutt, seier trenar Olafur Sveinsson til avisa.

Sjølv om situasjonen no ser låst ut, held både Arsenault og Kvam døra på gløtt for å halde fram.

– Eg kan ombestemme meg, men då må ting skje i høve kontrakten, seier Arsenault til Sogn Avis.