Hopp til innhold

Ber Venstre bryte regjeringssamarbeidet

Venstre-lokallag ber stortingsgruppa til bryte alt samarbeid med regjeringa, dersom vedtaket om fjorddeponi i Førdefjorden blir ståande. – Saka overgår det som handlar om regjering, svarar nestleiar Ola Elvestuen.

De borgerlige partilederne

STØTTEPARTI: Dei borgarlege partileiarane i skjøn foreining etter å ha komme fram til semje om asylavtale 8. april. No skaper regjeringa sitt gruve-ja i Sogn og Fjordane nye krysningar i samarbeidet.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Halvor Halvorsen

VIL BRYTE: Nestleiar Halvor Halvorsen i Flora Venstre vil trekke støtta til den borgarlege regjeringa.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Regjeringa viser forakt for all forsking og kunnskap, og miljøpartiet Venstre kan ikkje leve med ei slik avgjerd, seier nestleiar i Flora Venstre, Halvor Halvorsen.

Lokallaget vil ikkje akseptere at regjeringa – som er innsett med støtte frå Venstre – vil opne for fjorddeponi i nabokommunen.

– Vi som sit her ute der dette skjer, der ulykka kjem inn over oss, må gi beskjed inn til dei som sit sentralt om kor viktig denne saka er, seier Halvorsen til NRK.

Truleg ikkje til Stortinget

Reaksjonane er mange og sterke etter at regjeringa fredag gav grønt lys til gruvedrift med omstridd fjorddeponi i Førdefjorden i Sunnfjord. Fleire kilometer av fjordbotnen vil bli lagt aude.

Saka blir behandla som ei såkalla Dokument 8-avgjerd. Det betyr at saka ikkje treng stortingsbehandling, så lenge fleirtalet ikkje krev det. Ap sin miljøpolitiske talsperson Terje Aasland gjorde det fredag klart at partiet stolar på regjeringa si avgjerd. Dermed har Høgre og Frp eit solid fleirtal bak seg. Også Sp har vore positive.

Nektar å gi opp kampen

Venstre-nestleiar Ola Elvestuen har likevel ikkje gitt opp å få saka inn for Stortinget.

Nestleder i Venstre Ola Elvestuen

VAG: Venstre-nestleiar Ola Elvestuen vil ikkje svare direkte på om striden om fjorddeponi kan velte regjeringssamarbeidet. Han er likevel klar på at saka må vinnast.

Foto: Mette Ballovara/NRK

– Dette er den viktigaste naturvernsaka vi har i landet. Det er ikkje berre snakk om Førdefjorden. Det er snakk om Bøkfjorden som alt er øydelagt utanfor Kirkenes. Det er også planar i Repparfjord. Her gjeld det å bygge opp ein opinion, seier Elvestuen til NRK.

– Men viss ein ikkje får stortingsfleirtalet med seg, kva mogelegheiter ser du då?

– Deponiet i Førdefjorden er ei så alvorleg sak at dette er ein kamp som må halde fram inntil vi klarer å få eit permanent forbod mot gruvedeponi i sjø i Noreg, som det er i dei fleste andre land i verda. Vi må få fleire parti til å skifte meining, svarar Venstre-toppen som lenge har fronta motstand mot gruveprosjektet.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Ola Elvestuen fekk møte lokale motstandarar av fjorddeponi

MØTTE MOTSTANDARAR: Venstre-nestleiar Ola Elvestuen var i fjor sjølv i Vevring ved Førdefjorden for å sjå på verknadene av mogleg gruvedrift.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Regjeringssamarbeidet

Kan Venstre leve med at vedtaket blir ståande?

– Vi må kjempe med dei moglegheitene vi har for at vedtaket ikkje blir ståande. I første omgang så er det forslaget vi har liggande i Stortinget, og så må vi fortsette inntil vi får ei permanent løysing som ikkje tillèt gruvedeponi i sjø.

Vi er grunnleggande ueinige med dei. Her er vi på kollisjonskurs.

Ola Elvestuen om regjeringa sitt gruve-ja

– Vanskeleggjer denne saka samarbeidet med regjeringa?

– Ja, vi er grunnleggande ueinige med dei. Her er vi på kollisjonskurs. Det er klart at dette er ein kamp som vil halde fram. Dette er ikkje noko som vil skli over og bli borte.

– Er saka viktig nok for Venstre til at den kan velte eit regjeringssamarbeid?

– Den er så viktig at vi er nøydde til å vinne saka. Den overgår det som handlar om regjering. Dette handlar om ei miljøøydelegging som vil vare over tiår på tiår. Den fyller opp fjorden med 170 meter med slam. Kampen handlar om å vinne saka, seier Elvestuen.

I Florø tek nestleiaren i Flora Venstre i bruk sterke ord.

– Eg er oppkava og forbanna. Dette er ikkje bra, torar Halvor Halvorsen.