NRK Meny
Normal

Ber veljarane stemme fram unge KrF-talent

KrF må bli flinkare til å ta vare på ungdomskandidatane meiner veteranpolitikar Kjell Skaaheim. Partiet har både dei eldste veljarane og politikarane av alle parti i landet.

Kjell Skaaheim

FRYKTAR FORGUBBING: Kjell Skaaheim (KrF) er skuffa over at veljarane ikkje stemte fram andrekandidat Tore Storehaug (23) til fylkestinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skaaheim er vonbroten over at det unge talentet Tore Storehaug (23) ikkje kom inn på fylkestinget.

– Vi har ganske høg snittalder, både på veljarane og dei som er nominert på listene. Difor er det viktig å ta vare på unge dyktige politikarar som dukkar opp, seier Skaaheim.

Talentet vart vraka

Den pensjonerte rektoren har vore i med Førde KrF i ein mannsalder, det same har dei fleste andre i partiet. Difor meiner han det er eit tap at Tore Storehaug vart vraka av veljarane.

– Det var overraskande for mange som oss. Det var stor semje om å sette han på ein såkalla sikker plass, på andreplass etter Trude Brosvik, seier Skaaheim.

Tore Storehaug

VRAKA TALENT: Tore Storehaug er skuffa over å falle utanfor Fylkestinget, men seier politikken handlar om små marginar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tjuetre år gamle Tore Storehaug frå Askvoll er KrF-talentet som har imponert langt utanfor eigne partirekkjer. Han er tidlegare nestleiar i KrFU, og nyvalt visepresident i Europas største ungdomspolitiske organisasjon, YEPP.

Han var på andreplass på fylkeslista, men veljarane ville det annleis. Dei kryssa i staden inn tredjekandidaten Jon Olav Kvamme frå Stryn.

– Eg skulle gjerne ønskt at det var eg som fekk vere med å ta kampane i fylkestinget, men slik er det i politikken. Nokon gongar har du marginane med deg, andre gongar mot deg, seier Storehaug.

Har dei eldste politikarane – og veljarane

KrF har grunn til å frykte forgubbing. Valundersøkinga for 2013-valet syner at dei i snitt har dei eldste veljarane. Og snittalderen aukar. Samtidig syner tal frå Statistisk sentralbyrå at KrF har dei eldste politikarane. Ei oppteljing av årets kandidatar synte at partiet er det som har færrast under 30 år og flest over 60 år på sine lister.

Trude Brosvik

VELJARANE AVGJER: Fylkesleiar Trude Brosvik meiner partiet har bevist at dei satsar på ungdomen, men at det er veljarane som bestemmer.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Fylkesleiar Trude Brosvik er einig i at partiet treng fornying, men meiner nomineringa av Storehaug på andreplass viser at partiet satsar på ungdom.

– Så er det veljarane sin fulle rett til å gjere som dei vil, seier ho.

– Men korleis er det å bli overprøvd av veljarane når de ønskjer å satse på ungdom?

– Viss vi skal ha demokrati må vi nesten finne oss i det, seier ei lattermild Brosvik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.