NRK Meny
Normal

- Hadde eg gitt pokker burde eg betale. Men eg har handla i god tru

Tor Olav Halse (56) fekk 7000 kroner i bot då han vart stogga utan å ha teke etterutdanning som yrkessjåfør innan fristen. Bedriftsleiaren nektar å betale og har klaga saka inn til Vegdirektoratet.

Tor Olav Halse har klaga på bota han fekk fordi han ikkje hadde etterutdanningskurs innan fristen

HAR KLAGA: Tor Olav Halse seier han har hatt stort fokus på å få seg og sjåførane på etterutdanningskurs innan fristen. – Eg har handla i god tru, seier han.

Foto: Montasje: NRK/Privat

I det siste har Vegvesenet stogga stadig fleire yrkessjåførar som ikkje har teke det pålagde etterutdanningskurset innan fristen. Sjåførane blir politimelde og mange har allereie fått bot.

Halse meiner reaksjonen frå Vegvesenet er for kraftig og meiner staten burde vise større fleksibilitet. Han var fullt klar over reglane, men seier feil informasjon på Vegvesenet sine nettsider gjorde han til ein lovbrytar.

– Eg har handla i god tru, seier Halse til NRK.no.

Må ty til politimeldingar

Det er ikkje lenger nok å berre ta lappen på vogntog eller buss, for så å legge ut på vegen. I 2008 og 2009 vart det innført krav om regelmessig etterutdanning kvart femte år, dette er eit felles krav i heile Europa.

I tida framover er det stadig fleire sjåførar som må på eit slikt kurs for første gong. Dei første kursa starta opp i 2011 for bussjåførar og 2012 for lastebilsjåførar.

Kurset er på 35 timar og går på til dømes aktuelle lover og reglar, ulukkesberedskap, arbeidsmiljø, sikring av last og trafikktryggleik.

Men ikkje alle veit at dei må ha eit slikt kurs. Vegvesenet har i det siste stadig oftare stogga yrkessjåførar som ikkje har bevis på at dei har gjennomført eit slikt etterutdanningskurs. Tore Eikeland i region Vest seier dei i det siste har politimeld ein sjåfør om dagen.

Heldigvis er det ikkje «krise» for han

Halse er dagleg leiar i Brødrene Mundal AS i Svelgen og har hatt lastebillappen i over 30 år. Men etter at han i slutten av januar vart stogga ved kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal har han mista førarretten for lastebil for ein periode.

Halse er glad han ikkje er avhengig av å kunne køyre lastebil for å tene pengar.

– No er eg i den heldige stillinga at eg sit som dagleg leiar, så eg blir ikkje råka på same måte som dei som har levebrødet sitt av førarkortet.

– Hadde det vore tilfelle hadde det vore krise. Det er førarkortet du er tilsett på, og har du ikkje ting i orden kan ein ikkje vente at arbeidsgjevar betaler for ein, seier Halse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kontroll på Håbakken

FULL STOGG: Det var her på kontrollstasjonen i på Håbakken i Lærdal at Tor Olav Halse vart stogga av Vegvesenet sine kontrollørar.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Eg samlar ikkje på plastkort

Vegvesenet opplever at mange sjåførar og firma ikkje kjenner til reglane om krav til etterutdanningskurs, men slik var det ikkje for Halse. Han visste dette godt, men likevel gjekk han på ein smell.

Halse forklarar at han har lest seg opp på det som er av informasjon på Vegvesenet sine sider. Der står det mellom anna ei oversikt over kor tid den enkelte sjåfør må ta etterutdanningskurs, med utgangspunkt i kva tid førarkortet går ut.

Desse tidspunkta tek utgangspunkt i det førarkortet sjåføren hadde når forskrifta vart innført. Dette står også utheva på Vegvesenet sine heimesider.

Halse har gjort endringar og fått nytt førarkort sidan 2009. Dermed vart det feil når han tok utgangspunkt i førarkortet han har i dag.

– Hadde eg vore samlar av plastkort og sett gjennom gamle førarkort så ville eg ha oppdaga feilen. Der er fallgruva, seier Halse.

– Korleis opplever du at du har blitt behandla av Vegvesenet og Vegdirektoratet i denne saka?

– Karane på Håbakken gjer jobben sin, og hadde ikkje noko anna val enn å politimelde meg. Men eg har klaga saka inn til direktoratet.

Etterlyser meir fleksibilitet

Bakgrunnen for at Halse har klaga på saka er at han meiner Vegdirektoratet må legge opp til ein viss fleksibilitet i slike saker.

Fleksibilitet frå Vegvesenet og Vegdirektoratet si side er også etterlyst frå Norges Lastebileigarforbund. Administrerande direktør Geir A. Mo seier forbundet blir kontakta av mange medlemmer som har problem med reglane.

– Det våre medlemsbedrifter fortel oss er at dette dessverre har vore prega av altfor mykje rot, seier Mo.

Han viser mellom anna til medlemmene opplever at informasjonen på Vegvesenet sine sider har vore feilaktig og vanskeleg tilgjengeleg.

– Eg meiner ein må vise litt fleksibilitet i oppstartsfasen, slik vi er no, seier Mo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir A. Mo

FLEKSIBILITET: Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund meiner Vegvesenet og Vegdirektoratet bør vere meir fleksible no i oppstartsfasen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Vil ha ein sjanse til å rette det opp

Halse meiner det er i overkant strengt å bli bøtelagt med 7000 kroner fordi han ikkje har hatt etterutdanningskurs innan fristen.

– Eg meiner det er viktig å ha kurset og at sjåførar blir oppfriska på lover og reglar, men eg forstår ikkje at det ikkje kan vere meir fleksibilitet.

– Når vi veit at dette nyleg har byrja tre i kraft, spesielt handhevinga, så synest eg dei burde gå ut og gje sjåførar som har bomma på tidspunktet moglegheit til å rette det opp utan at det skal koste tusenvis av kroner.

– Dei burde i staden gjere folk merksame på at ein kan bomme, seier Halse.

Meiner informasjonen har vore god

Arvid Mytting er seniorrådgjevar i Vegdirektoratet i seksjon for trafikkopplæring. Han seier dei i det siste har blitt merksame på at mange yrkessjåførar ikkje kjenner godt nok til reglane.

Nokre veit ikkje om dei i det heile, medan andre ikkje greier kome seg på kurs innan rett frist. Mellom anna har dette altså gitt seg resultat i mange politimeldingar.

Mytting meiner likevel at dei har vore gode på å informere om ordninga.

– Ut frå dei føresetnadene om å gje informasjon og treffe mottakaren som skal ha informasjonen, så meiner eg at vi har gjort det vi kunne, seier Mytting.

Han seier dei har hatt svært få saker med bussjåførar som har mangla kurs innan fristen. For dei starta etterutdanninga opp eitt år tidlegare enn for godssjåførar.

  • Les meir om yrkessjåførutdanning på Vegvesenet sine sider her og her

(Artikkelen held fram under biletet)

Skreiv ut bot

FLEIRE STOGGA: I det siste har Vegvesenet i region Vest stogga fleire sjåførar som ikkje har etterutdanningskurset innan fristen.

Foto: Anna Gytri / NRK

Har avslått søknader om dispensasjon

Mytting seier alle som er usikre må ta kontakt med ein av Vegvesenet sine trafikkstasjonar for å sikre seg at dei får rett informasjon om kor tid dei må ha kurs.

Ifølgje Vegvesenet er det fleire stader kø for å kome seg til på kurs. Fleire sjåførar som ser at dei ikkje kjem seg på kurs innan fristen, har søkt Vegvesenet om dispensasjon til å halde fram med å køyre lastebil til dei får teke kurset. Alle desse har blitt avslått, fortel Mytting.

Yrkessjåførar som køyrer for betaling og som blir stogga i kontroll og viser fram dokument om at dei skal på kurs, men ikkje innan fristen, vil bli politimelde, seier Mytting vidare.

Han seier dei ved å gje folk dispensasjon i forhold til kor tid dei må ta kurset, berre vil skyve eit problem framfor seg. Det er fleire tusen sjåførar som skal ha kurset på landsbasis, og det er eit poeng at desse skal fordelast over fleire år.

Ber sjåførar utan kurs slutte å jobbe

Han har forståing for at fleire sjåførar ender opp i situasjonen som Tor Olav Halse i Svelgen.

– Det forstår eg veldig godt. Det er eit vanskeleg regelverk å halde seg til, det er vi kjent med. Er ein i den minste tvil må ein ta kontakt med Vegvesenet, seier Mytting.

– Det sit nok ein del sjåførar som veit at dei skulle hatt kurs, men som ikkje har det. Skal dei berre slutte å jobbe?

– Ja. Alternativet er kor vidt dei har terskel for å drive ulovleg transport. Har dei det er det synd om dei går ut og driv med transport når dei ikkje kan. Dei bør søke seg fram til ein læreplass som kan tilby dei utdanninga slik at dei får ting i orden, seier Mytting.

– Blir ikkje dårlegare sjåførar

Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund meiner Vegvesenet med fordel kunne vore meir fleksible, og trur ikkje dette hadde gått ut over kvaliteten på sjåførane.

– Dette er i oppstartsfasen. Det ein i praksis gjer er å gje ein person yrkesforbod. Ein blir ikkje noko dårlegare sjåfør der og då om ein får litt utsetjing, seier han.

– Det er eit poeng, seier Mytting i Vegdirektoratet.

Har lagt seg på ei linje

Sjåførar som ikkje kjem seg på kurs i tide kan i verste fall risikere å måtte gå månader utan inntekt.

– Det er dramatisk for dei det gjeld, det er heilt klart, seier Mytting.

– Men likevel vil ikkje Vegdirektoratet fire på krava?

– Slik som situasjonen er akkurat no, så har vi lagt oss på ei linje. Endrar vi på det, så vil vi råke dei som har fått avslag tidlegare, seier Mytting.

– Hadde eg gitt pokker, då burde eg betale

Halse har fått seg plass på etterutdanningskurs i mars. Først når han er ferdig med det kan han sette seg bak rattet på ein lastebil igjen. Uansett håpar han at han skal sleppe å betale bota på 7000 kroner. No ventar han på svar på klagen sin.

– Det er mange som kan dumme seg ut, men som tek følgjene av det. Kan ikkje du berre betale denne bota og så er det greitt?

– Det er ikkje pengane det står på, men det at dette er eit så rigid system.

– Hadde eg gitt pokker i dette, og trudd eg skulle greie snike meg unna, då burde eg berre betale. Men eg har hatt veldig fokus på det og handla i god tru, seier Halse.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast