NRK Meny
Normal

Ber vaksne bli tøffare: – Sei ifrå

«Alle visste, men ingen gjorde noko eller tok kontakt». Slik skildrar mange barn den såre kjensla av at vaksne ikkje greip inn sjølv om dei såg at foreldra sitt alkoholmisbruk gjekk utover dei. Alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL meiner fleire må tore å gripe inn.

alkohol barn

DOBBELT SVIK: Mange ser barn som slit fordi foreldra drikk for mykje. Om du ikkje gjer noko vil det vere eit dobbelt svik mot barna, meiner alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

NRK Super har denne veka fokus på barn som har opplevd at livet blir vanskeleg fordi foreldra drikk for mykje. Basert på undersøkingar reknar ein med at rundt 90.000 barn har ein forelder som har misbrukt alkohol det siste året. Det er nesten kvart tiande barn i Norge.

AV-OG-TIL sine undersøkingar viser at ein av ti i Sogn og Fjordane har lagt merke til barn som slit fordi foreldre eller familiemedlemmer drikk for mykje. Det er det same som på landsbasis.

– Dette handlar ikkje om kvar ein bur, eller kva type jobb ein har. Dette råkar tilfeldige ungar, så her er det dessverre ingen som er skjerma, seier Randen.

– Eit dobbelt svik

Randen meiner undersøkingane er eit tydeleg bevis på at alkoholbruken til vaksne går utover korleis barn har det.

– Når vi seier at barn slit, så er det nok fordi ein ser at ungar har hatt det ordentleg vanskeleg dersom utanforståande legg merke til det. Dersom eit barn opplever at mamma eller pappa drikk så mykje at dei ikkje klarar kvardagen eller å ta vare på barna, så går det utover barna og gjer barndommen vanskeleg.

Randen seier mange barn som har vakse opp i heimar med alkoholmisbruk opplever det som vanskeleg at mange visste, men ikkje greip inn.

– Dette blir eit dobbelt svik mot dei som er små. Her har vi alle eit ansvar.

Kari Randen

GRIP INN: – Vi håpar at Rusuka kan vere med å senke terskelen slik at vi vaksne klarar å seie frå når vi ser at ungar ikkje har det greitt, seier Kari Randen i AV-OG-TIL.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

– Barna må kome først

Men kor lett er det å seie frå? Kva om forelderen det er snakk om er mor til ein gut på fotballaget til son din, eller sjefen til mannen din? Du bur gjerne i ei lita bygd, der alle kjenner alle.

– Det er klart det kan vere ubehageleg å gripe inn. Samtidig må vi tenke at det kan vere heilt nødvendig, slik at både ungane og dei vaksne kan få hjelp. Omsynet til dei små må kome først.

– Om du ser ein unge som held på å drukne eller går ut i trafikken, så er det klart du grip inn. Det å seie frå til nokon om dette kan vere det første steget på vegen til at dei får hjelp eller klarar å finne ein veg ut av problemet, oppmodar Randen.

På NRK Super kan både barn og vaksne sjå og lese meir om problemet. Blant anna historier frå dei som har opplevd at barndommen blei vanskeleg på grunn av foreldra sitt alkoholmisbruk.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast