Hopp til innhold

Ber ungdomane melde seg

Politiet har fått tips om namngjevne personar etter skadeverket i Førde natt til onsdag. Etter at dei i går gjekk ut med bilete av det dei meiner stod bak innbrot og tagging i sentrum, har dei fått inn ei handfull tips som dei vil følgje opp. Politiet er framleis interesserte i tips frå publikum. Politioverbetjent Gunnar Englund ber likevel ungdomane om å melde seg seg sjølve. – Det er alltid slik at gjerningspersonar som sjølve bidreg til oppklaring og ynskjer å gjere opp for seg får ein mildare reaksjon, seier Englund.

Skadeverk på Elvetorget i Førde
Foto: Politiet