Ber ungdom og foreldre ta ansvar

Mange ungdomar har for lengst spretta både ei, to og tre øl i samband med natt til 1. mai-feiringa. Politiet ber både ungdomane sjølve, og foreldra, om å gjere sitt for at feiringa går pent og pynteleg for seg.

Odd Helge Vågseth

TA ANSVAR: Odd Helge Vågseth i politiet ber både ungdom og foreldre ta ansvar for at festane i løpet av mai månad går fint for seg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK
Anna Gytri
Journalist

– Først og fremst må den enkelte russ ta ansvar for sine handlingar. Dei må passe på alkoholinntaket, ta vare på seg sjølve og på eventuelt andre som skulle få problem, seier politimann Odd Helge Vågseth ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Den erfarne politimannen skal også i år ha rolla som innsatsleiar for politiet på den årlege russefesten på Sanden i Naustdal.

I 2012 vart festen prega av vald og rus, og også i fjor fekk politiet nok å stri med. Allereie tidleg på kvelden vart to unge menn sett i arrest for vald mot ein politimann, og det var fleire tilfelle av ordensuro.

Politiet måtte i fjor gå ut gjennom media og be foreldre hente ungdom som ikkje var russ.

– Mykje kjekk ungdom, men...

I år håpar Odd Helge Vågseth at ting vil gå langt meir roleg føre seg. Sidan november har politiet, russen, arrangøren og Førde og Naustdal kommunar jobba saman for å leggje alt til rette.

– Det er mykje kjekk ungdom, og eg har trua. Men det kan vere nok at ein øydelegg for mange, seier Vågseth.

I 20-tida onsdag kveld er politiet klare til å stille mannsterke på arrangementet, der det også vil vere til stades mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps, nattevandrarar og andre frivillige frå lag og organisasjonar.

Vågseth understrekar at det er viktig at alle partar jobbar saman for å få festen til å bli ei positiv oppleving for alle.

– Vi håpar alle reiser på denne festen med utgangspunkt i at dette skal bli kjekt. Dette skal vere starten på feiringa av at dei snart er ferdige med treårig vidaregåande skule, og det er mykje opp til den enkelte kva dei får ut av kvelden, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Russefest Sanden Naustdal

SANDEN: Slik såg det ut når russen i fjor samla seg på Sanden i Naustdal for den årlege russefesten.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ber foreldre vere vakne

Festen på Sanden i Naustdal er berre for russ, og anna ungdom som kjem til vil ikkje bli sleppte inn.

Dei som lagde trøbbel på arrangementet i fjor var nesten berre ungdom som ikkje sjølve var russ.

Politiet ber foreldre til spesielt yngre ungdomar om å ha eit vake auge til sine tenåringar. Både i kveld, men også resten av mai månad.

– Akkurat desse vekene er det ekstra viktig at foreldre følgjer med på kva som skjer. Det skjer mykje, og det er greitt at foreldra er litt «på», oppmodar Vågseth.

– Hent dei heim til avtalt tid

For det er ikkje noko nytt at mai månad er prega av fest og moro blant mange unge. Vågseth seier edru vaksne kan ha ein unik førebyggjande effekt, og håpar han ser mange vaksne ute i gatene i Førde i løpet av dei neste vekene.

– Eg vil på det sterkaste oppmode foreldre til å vere ute både kveld og nattetid, og følgje med på det som røyrer seg i bybilete.

– Det er også viktig at foreldra gjer avtalar med den enkelte ungdom, men også at foreldre gjer avtalar seg imellom slik at ungdomen har klare reglar og halde seg til. Om ikkje foreldre er ute, så reis iallfall ut og hent dei heim til avtalt tid, slik at ein veit at dei kjem seg i hus.

– Viktig å kle seg godt

Ei siste oppmoding er at ungdomen som skal vere ute kvelds og nattetid kler seg etter vêret.

Etter ein lengre periode med sommarlege temperaturar, har det onsdag vore snø i lufta i Førde. Dermed kan det fort få fatale konsekvensar om ein blir liggande ute i natt.

– Det er veldig viktig at ungdomen kler seg godt. I natt kan det kome ned mot 0 grader og kanskje bli minusgrader, så at ein er godt kledd er veldig viktig.

Også andre stader i fylket har politiet teke høgde for at det vil samle seg ungdom for fest og moro får NRK stadfesta ved politiets operasjonssentral.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.