Hopp til innhold

Denne gang kom hytteeigarane for seint til hytta

– No må uglene i Hjelmelandsdalen ta seg eit kurs i skorstein, seier Ann-Karin Oldeide etter det triste synet i peisen.

Hytteeigarar fann død kattugle i peisen

DØD UGLE: I helga fann ekteparet Stig og Ann-Karin Oldeide nok ei ugle i peisen sin på hytta. – Vi snakka om ugla vi fann i 2013. Så såg vi bort på peisen, og der låg det ei til, seier Ann-Karin.

Foto: Ann-Karin Oldeide

I helga fann dei for andre gang ei ugle i peisen på hytta si. Den første, for snart fire år sidan, var i live.

– Då trudde vi at det var ein eingongstilfelle. Det var det altså ikkje. No kom vi diverre for seint. Ugla var død, seier Ann-Karin Oldeide.

– No må vi gjere noko

Ironisk nok diskuterte Ann-Karin og ektemannen Stig det førre uglefunnet då dei skimta noko i peisen.

I løpet av dei siste 14 dagane har ei kattugle teke seg ned pipa. Her har den nok kjempa ein lang og hard kamp for å finne vegen ut att. Også andre hytteeigarar i området har fått ugler i peisen.

– Det er veldig trist. Ugler er fine og flotte, så det var trasig å oppleve at det låg nok ei ugle der. No er vi nøydde til å gjere noko for å hindre at fleire ugler tek turen ned pipa, seier Oldeide.

Kjem seg ikkje ut

Ingar Jostein Øien

NETTING: Ingar Jostein Øien seier netting og gitter er einaste verkemiddel for å hindre at ugler tek turen ned pipa.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

Fagsjef Ingar Jostein Øien ved Norsk Ornitologisk Forening fortel at det ikkje er noko ukjent fenomen med at ugler tek turen ned piper.

Han kan difor tilby eitt godt – og effektivt – råd til dei som har problem med fuglar i peisen.

– Legg eitt gitter, netting eller rist på toppen av pipa. Då unngår du at dei kjem seg ned, seier han.

Øien seier ugler hekkar i hole rom, tre og fuglekassar. Dei søkjer også ly eller overnatting i godt eigna husrom. Slik som til dømes piper.

– Uglene veit å finne vegen ut att, men problemet er ofte glatte røykrøyr slik at dei likevel ikkje kjem seg ut, seier han.