Hopp til innhold

Ber tilsette ta smitteprøve

Gilde vil be dei tilsette ved Terina i Sogndal om å avleggje smitteprøve, viss legane ber om det.

 

Grethe Skundberg, informasjonssjef i Gilde.
Foto: NRK

Fredag morgon starta bedriftshelsetenesta intervjua av alle dei 95 tilsette ved spekematfabrikken i Sogndal.

Mattilsynet har alt teke ei rekkje prøver ved fabrikken i jakta på kvar E.coli-smitta kjem frå. No har dei set søkjelyset på dei tilsette.

Avføringsprøver

Bt.no skriv  at Mattilsynet no vil prøve å finne ut om nokon av dei tilsette kan ha vore i risikoen for smitte og om dei har vore sjuke eller liknande.

Mattilsynet sa i går at dei ønskjer å ta blod- og avføringsprøver om det er naudsynt, men torsdag stilte både Gilde og dei tilsette seg avvisande til dette tiltaket.

Positiv til blodprøver

Men fredag var informasjonssjef Grethe Skundberg meir positiv til tilsynet sine planar.

- Dersom legen vurderer at nokon bør stille til blodprøve, så vil vi be dei tilsette om å stille opp, seier Skundberg til bt.no.

Planane om avføringsprøvar har ho ikkje teke stilling til. Bedriftshelsetenesta reknar med at dei vil klare å intervjue alle tilsette i løpet av fredag.

Uklart om tilsette kan bli pålagde prøver

Men det er uklart om Mattilsynet kan pålegge Terina tilsette å levere blodprøver. Professor i forvaltningsrett, Erik Boe, seier til NRK Sogn og Fjordane at han tvilar på om Mattilsynet har heimel i lova til å ta slike prøver utan samtykkje frå kvar einskild av dei tilsette.

- Det mest praktiske her må jo vere å få samtykkje frå dei tilsette, seier Boe. Men når dei tilsette blir spurde om samtykkje, skal dei vite at dei står fritt til å seie nei til å avgi prøver.

- Sterkt sosialt press

- Eg trur heller ikkje arbeidsgivaren kan pålegge dei dette, seier Boe. Men han ser at det sosiale presset på dei tilsette vil vere svært sterkt. For heile Noreg vil kreve å få vite kva som er kjelda for smitten som har teke livet av eit barn. - Men reint juridisk risikerer dei ikkje noka form for sanksjonar om dei seier nei, seier professor Erik Boe.