Hopp til innhold

Ber Terje Søviknes roe seg og godta at milliardar blir verande i Sogn og Fjordane

Terje Søviknes må roe seg. Det meiner fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. Søviknes meiner Følling er naiv.

Ny statsråd i Olje- og energidepartementet

FÅR REFS: Terje Søviknes er Frp sin toppkandidat til det nye storfylket. No ber Jenny Følling han om å roe ned debattklimaet.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Os-ordførar og Frp-topp Terje Søviknes (Frp) er blant dei som er oppgitt over at Sogn og Fjordane ikkje vil ta med seg fleire titals kraftmilliardar inn i nye Vestland fylke. Han har blant anna sagt at handlingane til Sogn og Fjordane vil bli lagt merke til.

– Slike påstandar er øydeleggande. Eg meiner at det no er på tide å godta det vi har avtalt, og det tener ingen til ære å dra med seg misnøye og hemnlyst når vi skal byggje eit nytt vestlandsfylke. Det er på tide å gravleggje stridsøksa og gå vidare, seier fylkesordførar Jenny Følling til NRK.

– Uforståeleg av hordalendingane

Både ho og resten av fylkestinget har måtte tole mykje kjeft frå fylkespolitikarane i Hordaland etter at dei vedtok å gi bort aksjar for milliardar av kroner til kommunane i Sogn og Fjordane.

Det er i eit lesarbrev Følling har sendt til ulike redaksjonar at ho tek eit oppgjer med reaksjonane.

– Det er uforståeleg at enkelte politikarar i Hordaland kjem med trugsmål om straff når Sogn og Fjordane berre gjennomfører det som er nedfelt i intensjonsavtalen mellom dei to fylka, skriv ho.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

VIL HA RO: Fylkesordførar Jenny Følling meiner uroa rundt aksjevedtaket kan øydeleggje for det nye fylket.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– På veg ut av politikken

Med «enkelte politikarar» legg ikkje Følling skjul på at det er Os-ordførar og toppkandidaten til Vestland Frp, Terje Søviknes og noverande fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) ho tenkjer på. Begge var raskt på banen og kritiserte vedtaket til fylkestinget nord og ned.

– Når Sogn og Fjordane fylkesting skjer gjennom slik, er det naturleg at me vil hugse dette i arbeidet vidare, sa Kårbø til NRK i kjølvatnet av vedtaket.

Søviknes hevda på si side at vedtaket ikkje var nokon god start på det nye fylket.

Stiller spørsmål ved engasjementet til Søviknes

Om Kårbø seier Følling at ho opplever at han er på veg ut av fylkespolitikken, men Søviknes sitt engasjement for saka synest ho er meir interessant.

– For det første vil ikkje Frp ha fylkesnivået og for det andre har Søviknes sjølv gått i spissen for å selje kraftaksjane til Os kommune. Difor stiller eg spørsmål ved hans interesse for dette akkurat no, seier Følling til NRK.

Vil ikkje grava ned stridsøksa endå

– I lesarbrevet viser ho berre til éi setning, og den tek ho ut av kontekst. Den gongen me diskuterte intensjonsavtalen var det aldri drøfta å gi vekk verdiar for mellom to og to og ein halv milliard kroner til kommunane i Sogn og Fjordane, svarar Terje Søviknes.

– Så det er ikkje mogleg å grava ned stridsøksa heilt enno?

– Det er nok ikkje det. Eg må presisera at eg aldri har brukt ordet hemn, men ei slik handling frå Sogn og Fjordane vil bli lagt merke til. Viss ikkje ein trur det, er ein rimeleg naiv, avsluttar han.