NRK Meny
Normal

Ber taparane i Unge Høgre-striden akseptere nederlaget

– Det er synd at dei som tapte valet ikkje aksepterer nederlag, seier fylkesleiar Vidar Grønnevik om striden i Unge Høgre.

Vidar Grønnevik

UNGE HØGRE-STRIDEN: Fylkesleiar i Høgre, Vidar Grønnevik, meiner Unge Høgre i fylket har handla rett når dei avviser kravet om nytt årsmøte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det ulmar framleis i unge Høgre tre månader etter den turbulente generalforsamlinga, som er fylkesårsmøtet i partiet.

Nyleg kravde tre av fem lokallag nytt ekstraordinært fylkesårsmøte i Unge Høgre. Men fylkeslaget meiner at fleire av desse lokallaga ikkje er teljande. Difor set dei klaga til sides. Til no har moderpartiet ikkje vilja teke standpunkt eller bli involvert i striden.

– Unge Høgre i Sogn og Fjordane er ein eigen organisasjon, med eige lovverk og eigne styrande organ. Årsmøtet har gjort sine konklusjonar, og det må dei som tapte lære seg å leve med, seier Grønnevik.

Ikkje for omkampar

– Eg har sett på tilrådinga som lovkomiteen har gjort, og den må vi nesten forhalde oss til. Den er rimeleg klar på at føresetnadane ikkje er til stades for å krevje nytt årsmøte, seier Grønnevik.

På den omstridde generalforsamlinga i februar blei fire av fem styremedlemmer kasta, inkludert dåverande leiar, Amanda Solvåg. Fylkesstyret vil ikkje kome den tidlegare leiaren i møte og kalla inn til nytt ekstraordinært fylkesårsmøte.

– Generelt sett så er hensikta med å krevje eit nytt årsmøte å handtere saker som kjem opp, ikkje for å drive omkampar.

Fekk støtte i vinter

Det noverande styret i Unge Høgre støtta i vinter Grønnevik i kampen om leiarvervet i moderpartiet, men Grønnevik avviser at det er difor han no støttar dei i striden i ungdomspartiet.

– Nei, det ville nesten vore patetisk å opptre på ein slik måte. Dette må vi sjå på som ei eige saka, der det er ungdomspartiet sitt lovverk som bli brukt, og der ein lovkomite har gjort ei vurdering, seier Grønnevik.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser