Hopp til innhold

Ber styresmakter og jegerar førebu seg på masseslakt

OSLO / FØRDE (NRK): Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) ber no Mattilsynet og andre gjere seg klar for den største masseslaktinga i Norge.

Villrein

VIL SLAKTE NED STAMME: Villreinstammen på Nordfjella tel rundt 2200 dyr vinteren 2017. No ser det ut til at alle desse dyra vil bli tekne ut for å hindre at skrantesjuka spreier seg.

Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter

Råda frå fagmiljøa er brutale og eintydige: Skal vi klare å unngå fleire tilfelle av den dødelege dyresjukdomen skrantesjuke, så må ein heil villreinstamme utryddast.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) ber difor alle relevante styresmakter om å førebu seg for nedslakting av fleire tusen villrein i Nordfjella.

– Det eg har gjort er å be Mattilsynet og andre underliggjande etatar om å førebu seg på at det kan kome ein slik beskjed. Dersom det er naudsynt å gå så drastisk til verks som dei foreslår må vi jobbe parallelt slik at det kan gå raskt dersom det er naudsynt, seier Dale til NRK.

Fryktar sjukdommen alt har spreidd seg

Det er den dødelege prionsjukdommen skrantesjuke (Chronic Wasting Disease (CWD)) som er bakgrunnen for den dramatiske avgjerda.

Sjukdommen vart i fjor påvist på tre villreinar i Nordfjella, eit område som ligg i fjellheimen mellom fylka Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane. Villreinstammen i Nordfjella var vinteren 2017 på rundt 2200 dyr.

I april 2016 vart det første smittetilfellet på eit hjortedyr i Europa påvist på ei villreinsimle i Nordfjella. Sidan då har Mattilsynet testa fleire tusen hjortedyr i heile Norge for å finne ut om sjukdommen har spreidd seg.

Til no er smitten berre påvist på tre villrein i Nordfjella og to elgar i Selbu. Men ifølgje Norsk institutt for naturforsking (NINA) kan skrantesjuka allereie vere spreidd til villreinflokkar på Hardangervidda.

– Best å skyte ned heile stammen

I går kom Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) med si risikovurdering. Vurderinga er gjort på oppdrag frå Mattilsynet og Miljødirektoratet, og bodskapen er dyster.

– Om myndigheitene vil utrydde sjukdommen har vi gyllen mogelegheit no, det ser ut til at sjukdommen er avgrensa til dei nordlege delane av Nordfjella, sa komitémedlem Bjørnar Ytrehus til NRK.no i går og utdjupa:

– Om målet er å utrydde sjukdommen er den beste løysinga å skyte ned heile stammen.

– Dette er tungt og vanskeleg

Kommunane rundt Nordfjella har følgt situasjonen med skrantesjuka med djup uro. Då landbruksministeren i går sende ut melding om nedslakting, sat politikarane i det såkalla Nordfjellarådet samla til møte. Dei handla resolutt.

– Vi har tilsett ein person som skal jobbe med utfordringane knytt til uttaket av stammen. Vedkommande byrja på jobb i dag, seier Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Politikarane i dei råka kommunane rundt Nordfjella ber også om å få møte landbruksministeren og miljøvernministeren snarast for å diskutere kva dei skal gjere vidare.

– Eg er skremt over situasjonen. Avgjerda kom ikkje som noko bombe, men er dramatisk.