Hopp til innhold

Ber Stortinget hjelpe dei med økonomien

Ordførarane i Luster og Lærdal var tysdag i Oslo for å søke støtte hjå partifellar for å redde økonomien til kraftkommunane.

Kraftdelegasjon på Stortinget

KRAFTINNTEKTER: Tysdag var Ivar Kvalen og Jan Geir Solheim i Oslo for å be Trygve Slagsvold Vedum (t.v.) og Liv Signe Navarsete (t.h.) om å betre økonomien til kraftkommunane.

Foto: Privat

– Vi har vore i møtet med partileiar, Trygve Slagsvold Vedum, og delar av stortingsgruppa i dag. Vi la fram det vi meiner er ei svært uheldig utvikling i eigedomsskatten for kraftverk, seier Ivar Kvalen som er ordførar i Luster.

Kvalen sin kommune er ein av dei som taper mest, men og fleire andre kommunar får sterkt reduserte inntekter frå eigedomsskatt knytt til kraft i 2017. Kvalen seier at dei fekk gjennomslag for synspunkta sine.

– Utviklinga ein har i kraftinntektene no råkar distrikta hardt. Det vi har gehør for er at stortingsgruppa til Senterpartiet vil gå med på å redusere kapitaliseringsrenta med ein tredel, noko som vil hjelpe betydeleg på det inntektstapet kommune opplever.

Styggevassdammen i Jostedalen

LÅGARE VERDI: Nedgangen i kraftprisane fører til at verdien på kraftverka minkar. No skal kraftselskapa derfor betale mindre eigedomsskatt til kommunane.

Foto: Statkraft

– Viktige prinsipp

I midten av førre månad vart det klart at kraftkommunane i fylket får fleire titals millionar kroner mindre i eigedomsskatt frå kraftproduksjonen sin i 2017 enn det dei hadde rekna med.

  • Lærdal tapar rundt 6,6 millionar.
  • Aurland tapar 10 millionar.
  • Årdal tapar 2,7 millionar.
  • Vik tapar rundt 5 millionar.
  • Luster tapar rundt 12 millionar.

Det kjem på toppen av at kraftkommunane og før 2016 mista store inntekter. Kvalen fortel at vasskraftkommunane i fylket til mista rundt 52 millionar i inntekter frå 2015 til 2016, medan det på landsbasis gjekk tapt mellom 360 og 380 millionar kroner.

– Dette er kommunar som har hatt store kraftutbyggingar og kraftinntektene har fungert som ein liten kompensasjon for at naturressursane blir henta ut i kommunane. For meg er dette viktige prinsipp å kjempe for.

Utfordrande

Trass at kraftkommunane ser ut til å ha fått senterpartigruppa på gli, vedgår Kvalen at det kan vere ei utfordring å få gjennom ein reduksjon av kapitaliseringsrenta i Stortinget.

– Denne saka kan ordnast på kort tid, noko som vil gi konkrete betringar for distrikta. No blir det jobba inn mot stortingsgruppene av fleire parti, men det er heilt klart ei utfordring å skape fleirtal i Stortinget.

Ifølge Kvalen skal spørsmålet formelt handsamast av Senterpartiet si stortingsgruppe onsdag.