Hopp til innhold

Ber stamvegdebattantar roe seg

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner Nils P. Støyva blir utsett for uverdig og usakleg sjikane i stamvegstriden i Nordfjord.

Bjørn Lødemel

RO DYKK: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, tek politisk motstandar Nils P. Støyva i forsvar i samband med stamvegstriden i Nordfjord: – Eg vil oppmode folk til å roe seg ned. Rett og slett, seier Lødemel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tidlegare stryneordføraren er blitt utsett for sjikane etter å ha tala varmt om å la stamvegen gå over Anda-Lote som i dag.

Det har fått sinna i kok i heimkommunen hans, Stryn, der Statens vegvesen ynskjer at den framtidige E39 skal gå.

– Eg tykkjer det er veldig uheldig det som skjer no. Både i høve til språkbruken, støynivået og ikkje minst det klima som skal vere i Nordfjord etter denne saka, seier Lødemel.

– Trist å registrere

Også Lødemel går inn for at stamvegen må gå i bru over Nordfjorden mellom Anda og Lote. Slik også Støyva gjorde tidlegare i veka. Det resulterte i fleire krasse innlegg på nettsider og sosiale media.

Ein skribent meiner mellom anna at Støyva framstår som den terrormistenkte islamisten Mullah Krekar.

– Vi må ha respekt for kvarandre sine meiningar. Det gjeld i alle saker og også her. Eg tykkjer den tonen som er blitt her er blitt for veldig. Det er trist å registrere så sterk ordbruk frå mange og det trur eg ikkje vi er tent med i det lange løp.

– Meir betent

– Kva er årsaka til at denne saka skaper så veldig engasjement?

– Det kan du seie. Eg har vore med på denne runddansen i 20 år og eg har kjent på det trykket som har vore i høve til Kvivsvegen i alle år. Det er nok ei sak som er meir betent enn ein kanskje trur, seier Lødemel.

Kjenslene tek overhand

Støyva meiner mange av reaksjonane har vore direkte usaklege.

– Det som kanskje har opprørt meg mest er at ein ikkje kan gå inn i debatten på ein måte fagleg måte utan at kjenslene tek overhand, men det er vanskeleg i denne type debattar, seier han.

I tillegg til sjikane på ulike nettstader, har Støyva fått krass kritikk frå mellom andre Bengt Flaten. Redaktøren i stryneavisa Fjordingen meinte Støyva var «heilt bak mål».

– Det heng ikkje på greip, at du som fylkesleiar med ei forhistorie som ordførar og næringsutviklar i Stryn, overser og neglisjerer fullstendig kva folka i ditt eige lokalparti meiner, sa Flaten.

Ikkje lenger ordførar

Så lenge kritikken er sakleg, forstår Støyva at det har kome reaksjonar frå Stryn. Han legg til at folk må vere klar over at han ikkje lenger er ordførar.

Og at han uttaler seg som fylkesleiar i Arbeidarpartiet.

– Då fell det i mitt lodd å gje uttrykk for kva fylkespartiet har sagt og gjort tidlegare i denne saka, seier han.

Beste løysing

Som tidlegare ordførar i Hornindal har Lødemel jobba med Kvivsvegen og stamvegsaka i over 20 år.

Sjølv om indre line både er rimelegast, gir kortaste reisetid og slår best ut på kost/nytte, meiner han midtre line er den beste løysinga.

– Då utviklar vi ein bu- og arbeidsregion i midtre nordfjord og kombinerer dette med investeringane som er gjort på Kvivsvegen. Kviven blir opna i september 2012 og det er klart det opnar seg fantastiske moglegheiter når den er på plass, seier han.