NRK Meny
Normal

Ber reinsjegrane skjerpe seg - må vere sikre på at dei har treft

Villreinjegerane må vere meir nøye med å sjekke om skota dei fyrer av, faktisk treffer og drep dyret. Det seier rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.

Reinflokk

GØYMER SEG: Skadde reinsdyr gøymer seg i flokken.

Foto: Statens naturoppsyn

– Av og til ser vi at reinjegerar ikkje kontrollerer skotplassen sin når dei har løyst eit skot på ein rein. Og det vil vi til livs, for det er det viktigaste tiltaket vi har når det gjeld å unngå skadeskyting på rein, seier rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.

For etter forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst, så pliktar ein jeger å forvisse seg om at dyret han har skote på er treft eller ikkje.

Har ein skadeskote storvilt, skal ein ikkje halde fram med ordinær jakt, men gjere det ein kan for å avlive det skadde dyret så snart som råd.

Har fått melding om skadeskoten rein

Som jeger vert ein regulert av viltlova, der det heiter at jakt og fangst skal utøvast på ein slik måte at viltet ikkje vert utsett for unødige lidingar.

Reinsjakta tok til 25. august og varer til 25. september. Trass i at jakta knapt har vart ei veke, har Naturoppsynet fått melding om skadeskoten rein.

Den som under jakt eller forsøk på felling skadeskyter storvilt eller kongeørn, plikter å gjøre det en kan for å avlive dyret snarest mulig. Vedkommende plikter å forvisse seg om påskutt dyr er truffet eller ikke. Jegeren og jaktlaget som har skadeskutt storvilt, skal ikke oppta jakt eller påskyte nye dyr mens ettersøk pågår. Innen valdets grenser skal ettersøk om nødvendig pågå ut dagen etter skadeskytingen.

– Vi ser det kvart år, og vi har også sett det i år, at jegerane ikkje er flinke nok til å sjekke skotplassen sin. Det kan føre til at det går skadde dyr att, seier Golf.

Rein Arne Golf

ANSVAR: Rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf, seier jegerane har eit spesielt ansvar i reinsjakta.

Foto: Dag Harald Kvammen Anderssen / NRK

Han seier at dei også frå tid til annan finn dyr som anten er skadde, eller som ligg daude etter skotskadar.

– Hadde jegeren følgt opp ettersøksbiten sin, så hadde ein både spart dyra for liding, i tillegg til at ein kunne brukt kjøtet, seier Golf.

Stiller store krav til jegeren

Han legg til at dersom ein skadeskyt ein rein, og ikkje klarar å få avliva dyret sjølv, så må ein melde frå.

– Det er også viktig å melde frå til andre i området, slik at dei kan sjekke det ut, seier Golf.

Under jakt på elg, hjort og rådyr skal jaktlag og personar som jaktar åleine ha tilgang til godkjend ettersøkshund. Men slik er det ikkje for reinsjakt.

– Det er vanskeleg å bruke hund på ettersøk på rein, for dei går inn i flokken sin. Då er dei vanskelege å finne att, og det vil også uroe resten av flokken urimeleg mykje, seier Golf.

Han peikar på at alle jegerar kan vere uheldige og skadeskyte eit dyr. Det er kva jegeren gjer etterpå, som er viktig.

– Det kan vere krevjande tilhøve å skyte under, og ein kan også vere uheldig. Det skjer dessverre av og til. Men det er desto viktigare at ein følgjer opp i etterkant og gjer alt i si makt for å få teke ut dyret, seier Golf.

Vegopning på Bergum i Førde kommune