NRK Meny
Normal

Ber regjeringa betala for flyhangar

Den nye storkommunen i Sogn vil at regjeringa blir med å spleise på flyhangar på Sogndal lufthamn.

Sogndal lufthamn

TRENG FLYHANGAR: Den nye storkommunen i Sogn vil ha nattstasjonert fly og hangar på Haukåsen.

– Regjeringa gir 150 millionar kroner til infrastrukturtiltak i nye samanslåtte kommunar, som storkommunen i Sogn vil søkja på, fortel ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Kommunane og næringslivet i Sogn har lenge kjempa for ein hangar til 10 millionar kroner, som kan gi Sogndal eit nattparkert fly og dermed færre kanselleringar.

– Hangar og eit nattstasjonert fly er heilt naudsynt for å styrke regulariteten på morgonen, seier Aarvoll.

Viktig vinterstid

– Dette har vi ønska i mange år, og det har vore søknadar inne om nattstasjonert fly for kvar ny ruteperiode, seier lufthamnsjef Svein Sanden.

Lufthamnsjef Svein Sanden

VIKTIG OM VINTEREN: Svein Sanden er lufthamnsjef ved Sogndal lufthamn Haukåsen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sogndal lufthamn Haukåsen ligg i eit område som gjer at dei har mykje snø om vinteren. Det gjer det dyrt å vanskeleg å ha eit fly ståande om natta vinterstid utan hangar.

– Klarar vi å få til ein hangar så kjem vi og til å få ein heilt anna stabilitet når det gjeld å få ut det viktige førsteflyet om morgonen, seier Sanden

Kjenner behovet

Aarvoll seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har stor forståing for behovet som dei peikar på.

Jarle Aarvoll

BER REGJERINGA BLA OPP: Jarle Aarvoll (Ap) er ordførar i Sogndal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Han er gift med ei frå Førde og kjenner området godt. Han har og vore mykje i Sogn og han forstod dei forventninga som vi har, seier Aarvoll.

Noko som og styrkar søknaden, meiner Aarvoll, er at regionrådet saman med flyplassen sit med ferdige planar for utbygginga.

– Eg har god tru på at vi skal få gjennomslag fordi flyplassen vil bety mykje for den nye storkommunen, seier Aarvoll.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.