NRK Meny
Normal

Ber politikarane stå opp for mottaket i Førde

– No må politikarane stå opp for asylmottaket i Førde, seier Steinar Dvergsdal som har drive stort innan utleige til asylmottak i Sogn og Fjordane.

Asylmottaket på Bergum

BLIR LAGT NED: Mottaket på Bergum i Førde blir lagt ned ved årsskiftet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Torsdag føremiddag vart det kjent at UDI har bestemt seg for å legge ned Førde statlege mottak med 150 mottaksplassar på Bergum.

Steinar Dvergsdal

MANAR TIL KAMP: Steinar Dvergsdal driv stort innan utleige til asylmottak i Sogn og Fjordane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Mottaket, som er eitt av landets eldste mottak, vert lagt ned ved årsskiftet.
Dei 150 personane som bur der no vert flytta til andre stadar.

– Dersom politikarane ikkje tek mål av seg til å påverke denne avgjerda, står det lite respekt av dei, seier Dvergsdal.

Flora vart berga

Då Solbakken asylmottak i Flora tidlegare i år vart vedtatt lagt ned, klarte eit sterkt politisk engasjement å få snudd avgjerda.

Dvergsdal seier det var spesielt å sjå korleis regjeringa greip inn og instruerte UDI om å ikkje legge ned i Florø. Han meiner politikarane måtte forstå at dette ville få konsekvensar for andre mottak i regionen, som Førde.

Mange arbeidsplassar

Årsaka til at UDI legg ned Førde statlege mottak, der ni personar mister jobben, er at færre flyktningar kjem til landet. I løpet av det siste året har fem mottak forsvunne i indre Sunnfjord.

– Dette er spesielt med tanke på den nye kommunen i indre Sunnfjord. Der har det har vore stort fokus på at staten skal bidra med aktivitet. Så langt har det kome 20 arbeidsplassar med Fredskorpset. Samstundes har det forsvunne 70 årsverk knytt til asyldrift, seier Dvergsdal.

– Blir du provosert over denne framgangsmåten?

– Ja, eg vert provosert.

Frida Melvær, dagen etter stortingsvalet 2017

BEKLAGAR: - Eg forstår godt at dei er fortvila i Førde. Men det er ein gong slik at når det kjem færre asylsøkjarar til landet, så er det behov for færre plassar. Eg beklagar at det denne gongen gjekk utover Førde, seier Frida Melvær.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Melvær: – Eg er forundra

Askvoll-ordførar Frida Melvær vart nyleg valt inn på Stortinget for Høgre i Sogn og Fjordane. Ho vart overraska over beskjeden som kom i dag. Ho meiner dei ikkje kunne føreseie at ei nedlegging andre stader i fylket ville bli resultatet når Solbakken mottak i Flora vart berga.

– Vår argumentasjon gjekk utelukkande på at vi ønskte ta vare på den faglege kompetansen i Florø. Florø har også vore særleg råka ved at dei har mista viktige arbeidsplassar dei siste åra.

- Kjem du til å gjere noko for at mottaket i Førde ikkje blir lagt ned likevel?

– Dette er eit vedtak UDI har gjort. Når det gjeld Solbakken var vi veldig tydelege på at det var ei ekstraordinær sak, fordi vi ønskte å ta vare på kompetansen.

– Kapasiteten må takast ned

Olve Grotle

I MØTE MED UDI: - No skal det vere eit møte med UDI om litt, og eg vil gjennomføre det først, før eg ser om det er mogleg å gjere noko politisk, seier ordførar Olve Grotle i Førde.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Høgre-ordførar i Førde, Olve Grotle, trur ikkje det nyttar å stå på barrikadane for å snu om på UDI si avgjerd.

– Det som skjedde i Flora var veldig spesielt, med eit engasjement frå heile fylket. Nedlegginga av asylmottaka i Sunnfjord heng saman med det som skjer i resten av landet. At ein rett og slett har vesentleg færre asylsøkjarar og flyktningar og dermed må kapasiteten takast ned.

Melvær beklagar at det i denne omgang gjekk tapt arbeidsplassar i Førde, men viser til nye arbeidsplassar i Fredskorpset og mogleg også i NVE.

– Førde og omland er veldig godt rusta for framtida til å få tilført nye statlege arbeidsplassar.