Hopp til innhold

Ber politiet ta rekninga

Høyanger kommune ventar no på svar på om politiet vil dekke utrykkingskostnadane i samband med knivstikkinga i Høyanger tidleg i august.

Sender rekning til politiet

VENTAR PÅ SVAR: Rådmann i Høyanger, Arve Varden vil ikkje rekninga for at Politiet mangla betjentar i området slik at brannvesenet måtte rykke ut til knivstikking.

Foto: MONTASJE: Arve Ullebø/Arne Stubhaug Arve Ullebo / NRK

– Vi meiner at dette ikkje er eit oppdrag som naturleg ligg til vårt brannmannskap å gjere, seier rådmann Arve Varden.

1. august i år kom det melding om knivstikking i Høyanger. Det var brannvernet i Høyanger som var først på staden og utrykkinga kosta kommunen rundt 16 000 kroner.

– Vi ber no politiet dekke rekninga som vi har fått i forhold til vårt brannmannskap, seier Varden.

I førre veke vart rekninga sendt til politiet og Varden fortel at kommunen no ventar på svar.

Visepolitimeister Ronny Iden har førebels ikkje fått lese brevet frå Høyanger, og ynskjer ikkje å kommentere saka ut over det han har sagt tidlegare.

– Eg registrerer at dei har sendt brevet, no får vi først handsame den før vi kommenterer det noko nærare, seier Iden.