Ber partilaga bu seg til valet
Dei politiske partia i Eid og Selje må allereie no begynne arbeidet med å lage felles lister til kommunevalet i 2019. Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo frå Venstre, til Fjordenes Tidende. Eid og Selje har vedteke og slå seg saman og blir ein kommune frå 2020.