NRK Meny

Ber om tips etter skadeverk

Ein eller fleire personar har hatt det moro med å gjere hærverk på ein bil som stod parkert i Vipevegen i Stryn. Ifølgje politiet er lufta tappa ut av to dekk, lokket til drivstofftanken er fjerna og det same med skiltet framme. I tillegg er det gjort forsøk på å bryte seg inn i bilen. Politiet ber dei som har tips om hendinga om å tak kontakt på telefonnummer 02800.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast