Hopp til innhold

Ber om tips til politiet etter innbrot

Politiet ber no om tips etter at det i dag blei oppdaga innbrot i lokala til bedrifta Sognefrukt på Leikanger.

Politi leitar etter spor

SPORSØK: Politiet har i ettermiddag leita etter spor etter innbrotstjuvane i lokala til Sognefrukt på Leikanger.

Foto: NRK-tipsar

Bedrifta Sognefrukt held til i lokala til det gamle fruktlageret, lengst vest for Leikanger sentrum. Politiet veit førebels ikkje om noko er stole.

– Det er eit stort bygg, og vi har ikkje full oversikt førebels. Men det har vore folk inne i bygget, seier innsatsleiar Svein Inge Harberg til NRK.

Den lokale politipatruljen fekk melding frå operasjonssentralen om å reise til Leikanger rundt klokka 11 i føremiddag.

– Innbrotet kan ha skjedd i natt eller i føremiddag, det er litt uvisst, seier Harberg.

Dagleg leiar for Sognefrukt, Jens Terje Hammervoll, seier til NRK at det var ein kollega av han som oppdaga innbrotet.

– Vi har utleige av lagerareal til fleire, men førebels kan det sjå ut som at det er mest hærverk. Men vi oppmodar folk om å gje beskjed til politiet om dei har sett noko, seier Hammervoll til NRK.

Politiet tek imot tips på 02800

Politi leikanger frukt sognefrukt

SJEKKAR STADEN: Innsatsleiar Svein Inge Harberg frå Luster lensmannskontor var i ettermiddag ved lokala til Sognefrukt for å etterforske innbrotet.

Foto: NRK-tipsar
Politi utanfor Sognefrukt på Leikanger

PÅ PLASS: Politiet var i ettermiddag på plass på Leikanger for å gjere åstadsgranskingar på innbrotsstaden.

Foto: NRK-tipsar
Innbrot i Sognefrukt på Leikanger

KOM INN HER: Tjuvane har kome seg inn i bygget til Sognefrukt gjennom eit vindauge.

Foto: NRK-tipsar