Hopp til innhold

Ber om tips etter hasardkøyring

Politiet ber publikum om tips etter det dei kallar hasardiøs køyring med motorsykkel på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal i ettermiddag. Føraren hadde ikkje hjelm, og det kan ha vore snakk om mogleg kappkøyring mot ein mørk BMW. Ring 02800 om du har høyrt eller sett noko.