Hopp til innhold

Ber om tilsyn av Helse Førde

Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane ber om tilsyn av Helse Førde etter at ein pasient døydde, melder Firda. Etter at ein pasient tok livet av seg vil ombodet og pårørande ha svar på om det har vore svikt i behandlinga ved helseføretaket. No oppmodar dei Fylkesmannen om å opprette tilsyn.