Ber om sju millionar

Styringsgruppa for Stad skipstunnel ynskjer sju millionar kroner i planleggingsmidlar for å sikre byggestart i 2021, skriv nettavisa iLaks. Målet med prosjektet er å sikre ein tryggare seglas forbi eit av dei mest vêrutsette og farlege havstykka langs norskekysten. Stad skipstunnel har ei kostnadsramme på 2,7 milliardar kroner, og er fullfinansiert i Nasjonal transportplan.