Den noverande basen blir driven på dispensasjon og mannskapet må bu på hotell på grunn av den dårlege standarden på brakkeriggen.
Bilar og helikopter på ein ny base
– Vi har alle planar på plass, men manglar pengane. Vi må ha hjelp, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.
Han vil samlokalisere luft- og bilambulansane i eit nybygg ved Førde sentralsjukehus og ønskjer å gå i tingingar med to grunneigarar.
SJÅ NETT-TV:
– Vi må få etablert ein permanent base. Vi har også eit redningshelikopter som skal ha landingsplass ved sentralsjukehuset. Vi har personell som fortener gode fasilitetar når ein har vakt døgnet rundt, og i tillegg ønskjer eg å sjå dette saman med den lokale ambulanseteneste. Der kan vi få til synergiar både faglig og ved å bruke bygget på ein god måte, seier Bolstad til NRK
Sea King må lande ute på bøen
Det store Sea King redningshelikopteret frå Forsvaret sin base i Florø må i dag lande ute på bøen ved den mellombelse luftambulansestasjonen. Den har sidan 2002 halde til i eit mellombels brakkerikk og hangar ved Førde sentralsjukehus. Brakkeriggen stettar ikkje Arbeidstilsynet sine krav, og mannskapet har sidan januar i år vore innlosjert på hotell, ein kostand det private selskapet Norsk Luftambulanse tek.
I tillegg blir stasjonen driven med eit mellombels løyve frå Luftfartsverket, og har ikkje permanent godkjent støyløyve.
Ambulansestasjonen, som servar heile Indre Sunnfjord med sjukebiltenester, held i dag til i deler av Sunnfjord Energi sin kraftstasjon i bustadområdet Tefre eit stykke frå sentralsjukehuset.
Håpar på 2013
Styret i Helse Førde ber om at Helse Vest stiller til rådvelde midlar til vidare planlegging og prosjektering med 850.000 kroner i 2010 og 4,5 budsjettet for 2011.
– Dersom pengane kjem, når kan ein ny stasjon stå klar til bruk?
– Viss vi er gode, i 2013, seier Jon Bolstad.