Hopp til innhold

Ber om pengar til å hjelpe

Eid vidaregåande skule treng 200.000 kroner frå fylkeskommunen for å kunne vere med i eit pilotprosjekt i Zambia.

Skulen skal i lag med Sotra vidaregåande skule lære elevane ved Mbala High School å starte si eiga bedrift, men no manglar skulen pengar. Arbeidsløysa i Zambia er enorm, og viss ikkje elevane lærer seg entreprenørskap er det fare for at dei utdannar seg til arbeidsløyse.

Eid vidaregåande skule har sidan 2002 hatt eit samarbeid med Mbala High School i Zambia. No vil eidarane i lag med Sotra vidaregåande skule gje elevane opplæring i entreprenørskap, det vil seie å skape si eiga bedrift;

Men for å kunne hjelpe dei afrikanske elevane trengst det pengar, og Anne Britt Andersen håpar difor fylkeskommunen løyver dei 200.000 kronene som trengst for at skulen kan vere med i pilotprosjektet.

For elevane ved Mbala High School risikerer å utdanne seg til arbeidsløyse dersom dei ikkje klarer å skape sin eigen arbeidsplass;

Sotra vidaregåande skule har fått pengar frå Hordaland fylkeskommune, no håpar prosjektleiaren på Eid vidaregåande skule at vårt fylke gjer det same. Viss ikkje er det usikkert om Eid vidaregåande kan vere med vidare.