Hopp til innhold

Vil ha ferjer mellom Gudvangen og Lærdal

Etter meldinga om at Gudvangatunnelen på E16 kan bli stengd i ein månad, meiner no ordførarane i Aurland og Lærdal kommune at vegvesenet må få på plass ferjesamband mellom Gudvangen og Lærdal.

Gudvangatunnelen stengd på E16

VIL HA FERJEAVGANG: Ordførarane i Lærdal og Aurland meiner ferjeavgangar mellom Gudvangen og Lærdal vil dempe trafikktrykket på ferjesambanda på omkøyringsrutene så lenge E16 er stengd ved Gudvangatunnelen.

Foto: Merete Husmo Høidal/Heidi Lise Bakke / NRK

Arbeidet med å rydde opp etter tunnelbrannen er meir omfattande enn først rekna med. Difor kan det i verste fall ta ein månad før E16 og Gudvangatunnelen opnar igjen.

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, frykta dette allereie då han høyrde om tunnelbrannen måndag.

– No meiner eg absolutt vi må få i gang ferjestrekka som er gamle E16, nemleg Lærdal-Gudvangen. Det må bli hyppige avgangar og det må bli to store ferjer, seier Solheim.

– Viktig vegsamband

Jan Geir Solheim

VIKTIG: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, meiner eit mellombels ferjesamband mellom Gudvangen og Lærdal vil vere til god hjelp.

Foto: Lærdal kommune

Han meiner det er naturleg at staten tek ansvar for kostnadene dette vil medføre om det blir aktuelt. Solheim seier dette er viktig for å ta av noko av trykket som dei andre ferjesambanda kjenner på. Klokka 18.00 torsdag kveld vert det meld om to timar ventetid på begge sider på ferjesambandet Bruravik-Brimnes.

– Dette er ein Europaveg, vi snakkar om E16, det viktigaste sambandet mellom våre to største byar, seier ordføraren.

Etter dialog med ordførar i nabokommunen Aurland, Noralv Distad, har Solheim sjekka litt rundt for å finne ut korleis moglegheitene er for å få ferjesamband mellom Gudvangen og Lærdal opp og gå.

Ber vegvesenet sjå på saka

Dei meiner at med to fullt brukande ferjekaier er dette løysinga på at trafikken hopar seg opp på ferjesambanda på omkøyringsvegane.

– Eg har sjekka med Fjord1 at den ferja som i dag går mellom Kaupanger og Gudvangen er kommersiell driven og har mykje bestillingar, så den er vanskeleg å få til å gå om Lærdal, og det er i ferje. Her må vi snakke om heilt anna regularitet, seier Solheim.

– Vi er nøydd til å ha to båtar, og det har ikkje Fjord1 kapasitet til å setje inn fort, så kor vi skal finne dei med ein gang veit eg ikkje. Men ved Brimnes-Bruravik er det sannsynlegvis to båtar som vert ledige frå 17. august, så det er i alle fall ei løysing vi bør sjå på, meiner han.

Har fokus på hovudsambanda

No oppmodar han Statens vegvesen om å vurdere ei slik løysing. Paal Fosdal, fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen, seier dei allereie har fått dette innspelet.

– Vi er først og fremst nøydde til å konsentrere oss om dei store ferjesambanda på omkøyringsvegane, og så får vi eventuelt vurdere dette innspelet seinare, seier Fosdal, som ikkje vil kommentere saka utover dette.