Hopp til innhold

Ber om ny rasvurdering på fv 60

Rasstaden på fylkesveg 60 som stengde vegen i nesten to døgn, er ikkje ein gong på topp 100-lista over rasfarlege strekningar i Sogn og Fjordane.

Steinras ved Ugla mellom Innvik og Olden

STORE STEINBLOKKER: Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik ar stengd i nesten to døgn.

Foto: Arne Vik

I kartlegginga som Statens vegvesen la fram i år, er strekninga rangert som nummer 204 med låg prioritet i Sogn og Fjordane. Men raset måndag morgon gjer at fylkesordførar Åshild Kjelsnes ber om ei ny vurdering.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

ØNSKJER VURDERING: Åshild Kjelsnes (Ap) vil ha ei ny vurdering av rasfaren ved Ugla på fylkesveg 60.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Hovudgrunnen er at vi skal vere sikre at vi gjer dei rette prioriteringane, seier ho.

Stengd i to dagar

Enorme mengder stein rasa ned på fylkesveg 60 ved Ugla måndag føremiddag. I nesten to døgn var gjennomfartsåra gjennom indre Nordfjord stengd. Men til no har rasfaren på strekninga vore rekna som ikkje veldig stor.

– Den står faktisk langt nede på prioriteringslista, seier Kjelsnes.

Har ikkje blitt vurdert som stor rasfare

I vår gjorde Statens vegvesen ei grundig vurdering av rasutsette strekningar. Då vart vegen til Navelsaker i Eid vurdert som fylkets mest rasfarlege med 6,9 som berekna faregrad på ein skala der ni er høgast.

Til samanlikning vart punktet ved Ugla på fylkesveg 60 vurdert til 2,1 og dermed på 204 plass på lista.

–Eg ber om at dei tek ein kryssjekk på det, slik at vi er sikre på at vi har dei rette parametrane på denne vegen.

Mykje trafikk på denne vegen

Denne vurderinga er gjort på bakgrunn av mellom anna trafikkmengd og kor ofte det har gått skred. Likevel med den relativt høge trafikkmengda på fylkesveg 60 var rasfaren vurdert så låg

– Eg ber om at dette blir sjekka ut. Om eit år skal det vere ei rullering av rassikringsplanen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trur ikkje det betyr noko

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

SEIER VEGEN BLIR UTBETRA SNART: Jenny Følling (Sp) meiner det er synd om Olden–Innvik skal kjempe om sårt tiltrengde rassikringsmidlar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men om dette vil bety noko frå eller til for utbetring av vegen er usikkert. For sjølv om strekninga ikkje er prioritert for rassikring er den prioritert som nummer ein for utbetring over det ordinære vegbudsjettet.

Difor veit ikkje gruppeleiar i Senterpartiet Jenny Følling om dette eigentleg betyr noko.

– Olden–Innvik er prioritert på førsteplass mellom fylkesvegane. Arbeidet til 157 millionar kroner på Agjeld-tunnelen startar i september. Det nye raspunktet ligg ved innslaget til den neste tunnel som skal komme.

Ho trur den beste stratgien er å ha fullt trøkk på å få auka løyvingar slik at dei kan gjennomføre prioriteringslista til fylkespolitikarane.

Manglar mykje pengar

Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik

LANGT NEDE PÅ LISTA: Punktet der det rasa måndag, står langt nede på rassikringslista.

Foto: NRK.no-tipsar

Ho meiner det er synd om Olden Innvik skal kjempe om sårt tiltrengde rassikringsmidlar

– Dersom ein skal prioritere rassikringsprosjekt, har vi fleire hundre punkt som står her. Vi har ikkje kome langt på denne lista. Vi manglar mellom anna 100 millionar kroner til Veitastrondvegen. Det er fort å komme opp i ein prioriteringsdebatt og det er ikkje teneleg, meiner Følling.

Fylkesordførar Åshild Kjelsen seier dette ikkje er anten-eller og at det blir jobba parallelt med dette.

– Eg tykkjer det er rett å få ei vurdering, slik at vi veit om den ligg på rett plass når det gjeld farekriteria for ras.