Hopp til innhold

Ber om nabohjelp mot skrantesjuke

Jon Georg Dale ber Sverige og Finland starte kartlegging av skrantesjuka.

Landbruksminister Jon Georg Dale på skrantesyke-befaring i Nordfjella

TRENG HJELP: EU har bestemt at Sverige og Finland skal kartlegge eventuell CWD-smitte på hjortedyr frå og med neste år, men landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) er utolmodig.

Foto: Roger Lien / NRK

I løpet av 2017 skal Norge ta kring 20.000 prøver av ulike hjortedyr for å avdekke omfanget av den smittsame skrantesjuka (CWD) som er funnen på rein i Nordfjella .

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale ber EUs helsekommisær Vytenis Andriukaitis syte for at også land som grensar til Norge gjennomfører ei like omfattande kartlegging av sine hjortedyr.

– Skrantesjuka smittar mellom dyr, og det vil vere nyttelaust om Norge åleine køyrer eit så omfattande kartleggingsprogram. Sverige og Finland må difor, snarleg, følgje opp med tilsvarande plan, sa Dale til Andriukaitis under Nordisk ministerråd i Ålesund i dag.

Hentar ut skrantesjuk villrein

CWD: Ein reinsbukk vart i førre veke frakta vekk med helikopter frå Nordfjella. Forskarane håpar den kan gi meir kunnskap om CWD, sjukdomen som gjer at villreinflokken slaktast ned.

Foto: Petter Braaten/SNO

Dale meiner at det er spesielt viktig at Sverige følgjer oppmodinga, sidan ville dyr kryssar fritt over grensene mellom landa.

Andriukaitis anerkjende Norge sin innsats for å stogge spreiinga av sjukdomen. EU har bestemt at nabolanda til Norge skal kartlegge eventuell førekomst av CWD frå 1. januar neste år.

EU-kommissæren viste stor forståing for landbruksministeren si utolmodigheit, og vil drøfte saka med sine rådgjevarar når han kjem heim til Brussel.

– Eg vil drøfte dette med mine rådgjevarar allereie til veka. Då vil vi ta stilling til om vi allereie i inneverande år skal forsere kartleggingsarbeidet, sa Andriukaitis.

Dale understreka at dei norske tiltaka er dramatiske, men like fullt naudsynte. Nedslaktinga vil redusere den norske villreinbestanden med kring ti prosent.

– Skal vi klare å kvitte oss med denne smittsame sjukdomen, er landa nøydde til å gjere sitt beste for å lukkast. Her har EU-kommisjonen eit stort ansvar for å sikre at medlemslanda følgjer opp, seier landbruks- og matministeren.