NRK Meny
Normal

Ber om meir hjelp frå Kripos til å løyse Veronica-mysteriet

Politiet i Sogndal ber no om taktisk bistand frå KRIPOS i samband med forsvinningssaka i Sogndal.

Søkte med hund i huset til Veronica

SAKNA LENGE: Veronica Heggheim Stegegjerdet har vore sakna frå heimen sin i Sogndal sidan slutten av oktober.

Foto: MONTASJE: Sindre Sunde Tveit/privat

– Det har blitt send ein førespurnad om bistand i høve taktisk etterforsking, seier lensmann Asle Karoliussen til VG onsdag kveld.

Om Sogndal lensmannskontor får ja på førespurnaden, vil det seie at dei løftar etterforskinga opp fleire hakk. Taktisk etterforsking kan mellom anna vere at politiet i Sogndal får den fremste hjelpa i landet til å gjennomføre nye avhøyr.

Opplysningar frå nye vitne gjer at politiet også vil gjennomføre leiting etter den sakna 22-åringen Veronica Heggheim Stegegjerdet i turområde som ligg langt frå staden ho sist blei sett. Samtidig etterforskar politiet vidare på andre spor i saka.

Veronica blei sist sett ved heimen sin i Årøy i Sogndal laurdag 25. oktober. Det har vore gjennomført omfattande søk i nærområdet. No skal også turstiar og vandreområde i nabokommunane Luster og Leikanger sjekkast ut.

– Vi er kjende med at Veronica har vore ein ivrig turgåar og vi har turområde som ligg utanfor det området det vi har definert som kjerneområde. Desse områda vil bli sjekka ut ved at personar går desse turane for å sjå om det kan vere noko der som er av interesse, seier regionlensmann Asle Karoliussen til NRK.

Politiet har onsdag etterforska forsvinningssaka vidare, og har mellom anna gjennomsøkt eit uthus som ligg like ved bustaden til den sakna jenta i Årøy.

Her har dei søkt etter Veronica Heggheim Stegegjerdet.

STORE OMRÅDE: Leitinga etter Veronica skal no utvidast til andre turområde enn dei som alt er gjennomsøkt i Årøy i Sogndal.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Ønskjer å søkje vidare i fjorden

Dei ønskjer også å ta opp att søk i Barsnesfjorden, som ligg like ved bustaden. Men dette ligg no på bordet til politimeisteren i Rogaland, som styrer ressursbruken ved leiting etter truleg døde personar.

– Vi har fått tilbakemelding på kva vi må leggje fram av dokumentasjon og samstundes synleggjere at vi har ein viss moglegheit til å gjere eit funn. Vi skal også gjere eit kostnadsoverslag over det søket og dei totale kostnadane vi har hatt til søke etter den sakna kvinna, opplyser Karoliussen.

Har analysert telefonen

Kripos har hatt ein ekspert på analyse av tekniske spor i Sogndal sidan måndag, men ho har no reist tilbake til Oslo for å gå gjennom det dei har funne. Mellom anna frå Veronica sin mobiltelefon, som låg att i huset der ho har budd saman med sin yngre bror.

– Vi utelukker ingenting, og vi vil analysere den informasjonen som vi har. Om den fører oss i nokon retning, så vil vi sjå på det og gjere dei tiltaka for å få avklara dei. Slik saka står i dag så har vi ingen grunnlag for å anta at det har skjedd noko kriminelt, seier Karoliussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.