NRK Meny

Ber om lovlegkontroll

Venstre i Jølster ber fylkesmannen vurdere om eit vedtak i Jølster formannskap vart gjort på lovleg vis. Saka gjeld forprosjektering av to idrettshallar i kommunen. Vedtaket vart gjort etter at alle parti i formannskapet, med unnatak av Venstre sin representant, heldt eit felles gruppemøte. Venstre er kritisk til at diskusjonen mellom formannskapsmedlemmane gjekk i lukka rom, og vil ha fylkesmannen si vurdering av dette.