Hopp til innhold

Ber om god løysing for elevar

Fylkesmannen ber i eit brev til Vågsøy, Selje og Eid om at kommunane må finne gode løysingar for elevane ved Bryggja skule. Skulen kan bli nedlagt eit og eit halv år før Bryggja skal bli overført til nye Stad kommune. FAU ved skulen har sendt bekymringsmelding til Fylkesmannen. Vågsøy kommune har sagt det vil koste fleire millionar å drive skulen til 2020. Leiar i fellesnemnda for Eid og Selje, Stein Robert Osdal, seier det snart blir eit møte mellom dei tre kommunane.