NRK Meny
Normal

Moods fekk fem millionar i risikolån – jussekspert er skeptisk til om det var lovleg

Berre eit halvt år før konkursen fekk Moods of Norway eit risikolån på fem millionar frå Innovasjon Norge. No blir det stilt spørsmål om lånet var lovleg.

Moods of Norway-butikken i LA

STILLER SPØRSMÅL: To framståande forskarar innan økonomi og jus stiller seg undrande til Innovasjon Norge sine vurderingar då dei i februar gav Moods of Norway fem millionar kroner i eit risikolån.

Foto: Cathrine Elnan

Det er i ein kronikk i dagens Bergens Tidende at jussforskar og postdoktor ved Universitetet i Bergen, Malgorzata Cyndecka, stiller spørsmål ved lånet som Moods of Norway fekk i februar i år.

Ho ber Innovasjon Norge forklare kvifor dei gav fem millionar av skattebetalarane sine pengar til den 14 år gamle klesprodusenten.

– Det er grunn til å stille spørsmål ved kvifor Innovasjon Norge konkluderte med at dette var lovleg statsstøtte. Eg skulle gjerne visst kva som var grunnlaget for å gi eit så pass stort lån, seier Cyndecka.

Innovasjon Norge avviser kritikken frå jusseksperten, men avviser ikkje at dei vil gå igjennom saka.

– Ikkje startstøtte

Eit halvt år etter at lånet vart innvilga, slo Moods of Norway seg konkurs med ei gjeld på 112 millionar kroner. To veker seinare var konkursbuet attende i hendene til gründerane og klar for vidare satsing.

Cyndecka seier at Innovasjon Norge må følgje EØS-reglane om offentleg støtte. Gir løyvinga fordel til verksemder, og vrir eller truar med å vri konkurransen, kan fordelen reknast som statsstøtte. Slik støtte er i utgangspunktet ulovleg for det offentlege.

– Ut ifrå det vi veit, så er det vanskeleg å tru at det var ei startstøtte. Verksemda var 14 år gamal, seier Cyndecka.

– Trygt innanfor

Tor W. Andreassen

KRITISK: NHH-professor Tor W. Andreassen skuldar Innovasjon Norge for slurvete behandling av skattepengar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Postdoktoren legg også til at det offentlege må investere på marknadsvilkår dersom dei gir lån som ein marknadsaktør.

Cyndecka er den andre sentrale forskaren som på kort tid stiller spørsmålsteikn ved risikolånet. Tor W. Andreassen ved NHH har tidlegare kritisert risikoen ved lånet i ein kronikk i same avis .

Leiar for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland, avviser at lånet var ulovleg. Han vil ikkje kan gå inn i vurderingane i denne konkrete saka.

– Innovasjon Norge vurderer alle saker nøye opp mot regelverket om statsstøtte. Det er også gjort i denne saka, og vi er trygt og godt innanfor EØS-regelverket, seier han.

Marginalt tap

Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge

AVVISER: Halvor Flatland i Innovasjon Norge meiner det var rett å gje Moods of Norway fem millionar kroner i risikolån.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Flatland meiner lånet var forsvarleg. Han viser til at eigarane sjølve gjekk inn med 15 millionar og at banken også gjorde endringar i sitt lån til selskapet. Han peiker på at Noregs største kleskonsern, Varner-gruppa, gjekk inn med 20 millionar i fjor for å snu Moods-skuta.

– Det er lett å vere etterpåklok når ting går gale, men på det tidspunktet var det rett for oss å vere med, seier han.

– Men tek de ikkje ein risiko med skattepengane?

– Risikolånet var veldig godt sikra med pant. Tapet blir veldig marginalt i høve til dei fem millionane vi gjekk inn med.

Flatland minner om at Stortinget har gjeve Innovasjon Norge mandat til å ta risikoen ved å støtte verksemder.

– Vi gir ofte risikolån, men ikkje alltid til verksemder som er i omstilling. Slike verksemder er ofte i ein krevjande situasjon. Vi har tilfelle der forholda er slik at vi ikkje kan vere med, avsluttar han.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast