Hopp til innhold

Florarådmann går inn for Førdepakken

Flora-rådmann Terje Heggheim rår politikarane til å støtte opp om bompengeringen rundt Førde.

Terje Heggheim hjå NRK

TILRÅR: Rådmann i Flora, Terje Heggheim, ber lokalpolitikarane støtte opp om bompengeringen rundt nabobyen.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Den mykje omtala Førdepakken til 1,5 milliardar kroner skal gje fylkes største by vegar, gangvegar og stiar. Ein stor del av prosjektet skal bompengefinansierast .

Til Firdaposten seier Flora-rådmann Terje Heggheim at ei støtte frå kystkommunen vil vere ein test på godt samarbeid som har vore i sunnfjordkommunane siste tida.

– Vi kan ikkje vere mot Førdepakken berre fordi vi kjem frå Flora og skal til Bergen. Det vil vere berre å sjå saka i eit tradisjonelt Florø-perspektiv, seier han til avisa.

Difor rår han politikarane om å støtte opp om planane når det kommunale samferdsleutvalet i dag skal seie si meining.

Rådmannen viser til at pakken vil betre trafikkavviklinga gjennom Førde sentrum, slik at folk kjem seg lettare inn på E39. Samstundes er det også behov i Førde for eit betre vegsystem .

Heggheim legg overfor Firdaposten også til at Førdepakken har vore ein overordna strategiplane for Sunnfjordsamarbeidet. Han meiner også at støtte til Førde i denne omgang, bør føre til støtte frå Førde i neste omgang.

– Etter å ha gått nokre rundar i SIS samarbeidet reknar eg med at Førde i neste runde vil støtte arbeidet med å få til 45 minuttars regionen, seier Heggheim til avisa.