Hopp til innhold

Vil frakte skituristar til topps med tråkkemaskin - ber om eit svar snarast mogleg

Eid kommune er utolmodige og ber Miljøverndepartementet om ei avklaring om såkalla catskiing. Håpet er at dei allereie til vinteren kan frakta skituristar til fjells med trakkemaskin.

Ljøsureggja

TIL TOPPS: Ved Harpefossen skisenter ønskjer dei å bruke trakkemaskiner for å frakte skituristar til topps. No purrar kommunen på departementet og ber om ei avklaring snarast.

Foto: Svein Jan Hjelmeset/Terje Gilleshammer / NRK

– Vi ønskjer raskast mogleg å setje oss ned med den nye politiske leiinga i Miljøverndepartementet for å sikre oss at løfta som kom før valet blir følgde opp, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) til NRK.no.

Høgre og Framstegspartiet har sagt at dei vil mjuke opp reglane for motorisert ferdsel i utmark, og gjere det opp til kommunane å bestemme.

I Eid fryktar Bjørlo at ei avgjerd om catskiing ved Harpefossen skisenter skal dra ut i tid.

– Det er politisk støtte til dette, så det handlar eigentleg berre om å få formalitetane i orden, seier ordføraren.

Frakta til topps med tråkkemaskin

Catskiiing vert ofte omtala som ei kanadisk "oppfinning", og det går ut på å bli køyrt ut i skogen eller høgt opp på fjellet med tråkkemaskin, for så å køyre uspora pudder ned att. Namnet kjem av at trakkemaskin rett og slett vert kalla snowcat på engelsk.

I Eid har kommunen gitt skisenteret på Harpefossen løyve til å ta del i ei ny nasjonal prøveordning med motorferdsel i utmark. Ei prøveordning som vart tillyst av den raudgrøne regjeringa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo

VIL HA SVAR STRAKS: Venstre-ordførar Alfred Bjørlo i Eid vil ha eit svar frå departementet så snart som mogleg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ventar framleis på grønt lys

No ligg alt til rette på skisenteret for å starte opp med catskiing allereie vintersesongen 2013/2014.

Men dei ventar framleis på grønt lyst frå miljøvernministeren.

– Dette bør vere ei kurant sak å få på plass, men vi fryktar det kan dra ut i tid og at vi då mister ein vintersesong med det som kan bli den nye store vinterattraksjonen Sogn og Fjordane kan tilby, seier Bjørlo.

– Unikt i Norge

Han meiner catskiing kan lokke mange ivrige skikøyrarar til området.

– Catski på Harpefossen kan bli eit nytt opplevingsbasert reiselivstilbod som er unikt i Norge og set Sogn og Fjordane på verdskartet som vinterdestinasjon, seier ordføraren.

Venstre-ordføraren håpar at klarsignalet er på plass i løpet av november-desember.

– Alt som manglar er at den nye regjeringa gir løyvet som er nødvendig for å starte tilbodet den komande sesongen.