Hopp til innhold

Ber om at domen ikkje blir anka

Den mektige forbundsleiaren Arve Bakke har vore i direkte kontakt med Magne Ulvatn. Det klare rådet frå Bakke er at mobbe-domen ikkje må ankast.

Arve Bakke

FORBUNDSLEIAR:Arve Bakke ønskjer ikkje at mobbe-domen blir anka.

Foto: Bård Siem / NRK

Det var i går at Arve Bakke tok direkte telefonkontakt med Ulvatn og gav han rådet om at domen ikkje må ankast. Fellesforbundet sentralt vil for ein kvar pris unngå ei ankesak.

Ei ankesak som vil bli til stor belastning for Fellesforbundet som har ei av sine viktigaste oppgåver å jobbe mot nettopp mobbing og trakassering i arbeidslivet.

LES OGSÅ: Sandnes har ikkje tillitt til styret

Store kostnader

Magne Ulvatn i rettssal 4 i Fjordane tingrett

RETTSKONFLIKT:Magne Ulvatn skal ha trakassert ein kollega.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Saka har også ei økonomisk side. Så langt har rettssaka kosta avdeling 19 i Sogn og Fjordane 1,4 millionar kroner. Ei tapt ankesak vil truleg føre den endelege prislappen opp i over 2 millionar, noko som vil bety at heile avdelinga sin eigenkapital vil vere oppbrukt.

LES OGSÅ: Mobbesaka har kosta 1,4 millionar

Kjelder i Fellesforbundet sentralt fortel at dei har liten sans for at avdelinga sine pengar blir brukt opp på denne måten.

Har stått bak trakassering

Domen i Fjordane tingrett levnar Magne Ulvatn, den valde leiaren i Fellesforbundet avdeling 19, lite ære. Det blir imellom anna slått fast at Ulvatn har stått bak omfattande trakassering av organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig. Det blir vidare konkludert med at oppseiinga av Kirketeig ikkje er gyldig.

LES OGSÅ: – Dom skadar heile Fellesforbundet

Skal avgjerast onsdag

Etter det NRK kjenner til skal styret i avdeling 19 ha saka opp til handsaming komande onsdag. Då skal det gjerast ein politisk og juridisk gjennomgang av domen, og etter planen skal ankespørsmålet avgjerast.

LES OGSÅ: Kirketeig feirar med kake og kakao

Forbundsleiar Arve Bakke har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. Magne Ulvatn har sidan domen vart kjend sist måndag vore klar på at han ikkje vil kommentere noko som helst i denne saka. Avdeling 19 sin advokat, Kari Bergius Andersen, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

LES OGSÅ: Tingretten: Oppseiing av Fellesforbund-tilsett var ugyldig