Hopp til innhold

Ber NVE sjå på konsesjon på ny

Selje kommunestyre gjekk i dag inn for å be NVE om å sjå på konsesjonen til vindkraftverket Okla ein gong til, skriv Fjordenes Tidende. – Selje kommunestyre er tydelege på at vi ikkje har kompetanse til å vurdere dei momenta som har kome inn frå innbyggjarinitiativet og Stad landskap. Så vi sender saka med alle dokument til NVE og Olje- og energidepartementet for ei vurdering. Så må dei sjå på saka og eventuelt konkludere, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) til NRK.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal
Foto: Harald Kolseth / NRK