Hopp til innhold

Ber Nordfjord gravleggje stridsøksa

Selje Arbeiderparti vart nesten utradert på grunn av sjukehussaka. No ber lokallagsleiaren nordfjordingane om å gravleggje stridsøksa mot helseministeren.

Ole Bosnes

SLUTT: - Nordfjord bør sjå framover i staden for å krige vidare, meiner leiar i Selje Ap, Ole Bosnes.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Helseministeren vil legge ned fødeavdelinga og ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus, men Nordfjordrådet og aksjonistane vil krige vidare.

Ole Bosnes, som tok over så leiar då store delar av Selje Ap melde seg ut i protest mot sjukehuspolitikken til Ap, trur ein er tent med å tenkje moglegheiter.

– Det er på tide å sjå framover. Når vi ikkje får det aller beste som vi kan tenke oss så må vi bidra til at det nest beste blir så optimalt som råd, seier han.

– Plikt å sjå framover

Sjukehusforkjemparane vil «krige» mot helseministeren. Fredag samla hundrevis av menneske seg i spontandemonstrasjon mot nedbygginga ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid.

Måndag var det ny aksjon, då var talet nærmare tusen. Samstundes har Nordfjordrådet varsla full kamp mot vedtaket.

– Ein treng sjølvsagt tid for å kome seg etter eit skuffande vedtak, men samstundes så er det særleg for politikarar men også for vanlege innbyggjarar ei plikt å sjå framover, seier Bosnes.

Vil ikkje snu

Neste veke deltek statssekretær i helsedepartementet, Tord Dale, på folkemøte i grendahuset på Stadlandet. Leiaren i Selje Ap meiner ein ikkje bør dyrke nederlag då. Også sentralt i Senterpartiet seier dei at det er lite håp om å vinne fram.

Og Bosnes får støtte av professor i Samanliknande politikk, Frank Aarebrot. Han meiner det er uråd å få regjeringa til å slu når heller ikkje opposisjonen er samla.

– Opposisjonen kritiserer vedtaket, men vil ikkje konkret seie at Nordfjord sjukehus bør få behalde fødeavdeling og ortopedi. Det er veldig lite truleg at ein i Nordfjord vil oppnå noko som helst.

Sp kjem i dag

Samstundes forstår Aarebrot at ordførarane vil kjempe vidare.

- Eg trur det er umogleg å mane til ro med den kjenslemessige situasjonen som er kring sjukehuset på Nordfjordeid i dag, seier Aarebrot.

Seint i dag ettermiddag kjem også Senterpartileiar Liv Signe Navarsete til Nordfjordeid. Helsepolitisk talsperson i partiet Kjersti Toppe vil ikkje gi håp til kampklare nordfjordingar.

Sp: – Saka er avslutta

- Frå min ståstad er denne saka no avslutta, vi har kjempa kampen i regjeringa og så har dette utfallet komt. Sjølve utfallet håpar eg folk forstår vi ikkje er nøgde med, seier ho.

Toppe presiserer likevel at det er folk sin fulle rett å demonstrere mot vedtak dei er misnøgde med, men meiner ein i alle fall må ha to tankar i hovudet samstundes.

– Vere knallharde

Særleg bør ein ha ein strategi for korleis ein kan påverke det vedtaket som føreligg, sjølv om ein ikkje får det heilt omgjort.

– Eg tenkjer på tildømes følgjeteneste, at ein er knallharde på at den skal vere oppe å gå før det skjer noko som helst endringar. Ein annan ting som ein også kan jobbe for er anestesiberedskapen, om det er mogleg å sikre den på ein betre måte enn det som ligg i vedtaket. Det trur eg kan ha ein verdi i forhold til det indremedisinske tilbodet som skal bli gjeve, avsluttar Toppe.