Ber ministeren stoppe Helse Førde

- Framlegget om å leggje ned fødetilbodet og det ortopediske tilbodet ved lokalsjukehusa må stoppast av ministeren.

Ordførar i Selje, Gunn Helgesen.

Leiar i Nordfjordrådet, og ordførar i Selje kommune, Gunn Helgesen, meiner helseministeren må gripe inn i sjukehussaka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dette seier Gunn Helgesen, leiar i Nordfjordrådet.

Det var ei svært skuffa Helgesen som snakka med NRK i pausen like etter Øberg sitt dramatiske framlegg.

Dersom ikkje Helse Førde får tilført 50 millionar kroner ekstra, vil Øberg gå drastisk til verks. Innan første halvår 2012 vil alt fødetilbod og ortopedisk tilbod bli sentraliset til Førde. Også det indremedisinske akuttilbodet vil blir sentralisert til Førde.

- Dette kan vi ikkje godta og vi vil be om eit møte med helseministeren så snart som råd. Framlegget er klart i strid med Soria Moria2-erklæringa, og ministeren må setje foten ned, seier Helgesen.

Ho trur reaksjonane i Nordfjord vil bli sterke.

-Med folket i ryggen vil vi gjere det vi kan for at Nordfjord sjukehus framleis skal ha både fødetilbod, ortopedisk tilbod og akuttmedisin, seier Helgesen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.