Hopp til innhold

Ber minister sjå på akuttberedskap

– Senterpartiet står bak stortingsrepresentant Erling Sande når han går til helseministeren med ortopedisaka i Helse Førde, seier partiet sin parlamentariske leiar Rune Skjælaaen.

Rune Skjælaaen.

Rune Skjælaaen

Foto: Kristian Ervik / NRK

Trass i at legane er på jobb, vil Helse Førde sende pasientar med beinbrot som treng narkose til Førde.

Viktig oppgåve

Skjælaaen seier at ut frå Soria Moria-erklæringa, blir det rett å gå til helseminister Bjarne Håkon Hansen for å få ei avklaring.

– Det er ei viktig oppgåve for Senterpartiet å stille den type spørsmål: korleis spesialisthelsetenestane og sjukehusa er organisert i Sogn og Fjordane.

Fryktar for framtida

Styret i Helse Førde vedtok fredag at alle pasientar som treng narkose etter til dømes beinbrot no skal til sentralsjukehuset. Det innebærer at vel 300 pasientar frå Nordfjord og indre sogn må fraktast til Førde trass i at legane uansett er på jobb.

Aksjonistar, legar og lokalpolitikarar seier dei trur langt fleire pasientar enn 300 vert råka og fryktar for framtida til akuttilboda ved lokalsjukehusa.

Støtta av Senterpartiet

Stortingsrepresentant Erling Sande varsla fredag at han vil gå til helseministeren med saka, og partiet sin parlamentariske leiar Rune Skjælaaen seier saka er interessant for heile Senterpartiet og at han forstår at folk vert uroa.

– Det skjønar eg. Eg er opptatt av at når det er full beredskap på eit sjukehus, så er det viktig at den beredskapen vert utnytta.

I Soria Moria-erklæringa står det at det skal vere nærleik til akutt behandling og fødetilbod og at ingen lokalsjukehus skal leggast ned.

Les også: Truar med helseministeren

Grunnstein i distriktane

Fredag kritiserte Sande vedtaket til Helse Førde i kraftige ordelag. Skjælaaen er spent på kva som vil skje med denne saka og seier at folk i distrikta skal vere trygge på at hjelpa ikkje er langt vekke.

– Det er grunnleggjande for at folk kan bu i distriktane. At lokalsjukehusane skal vere ein grunnstein i dette, det meiner vi klart og tydeleg, seier Skjælaaen.