Striden om Sandøy handlar om at kommunen vil gjere unntak frå hundremetersregelen, og la eit lokalt selskap bygge både eit senter og eit tjuetals hytter i strandsona på nokre av dei vestlegaste øyene i landet. Også fylkespolitikarane har sagt ja til byggeplanane.
Fylkesmannen set ned foten
Men fylkesmannen sa klart nei. Det har til og med vore prøvd å mekle mellom kommunen og fylkesmannen, utan resultat. Fylkesmannen sende saka vidare, der direktoratet for naturforvaltning konkluderte negativt.
No ligg Sandøy-prosjektet hjå Miljøverndepartementet der statsråden skal fatte ei endeleg avgjerd. Men her har saka vore lenge.
Siste utveg
For verken Børge Brende eller Knut Arild Hareide kom til nokon konklusjon medan dei sat som statsrådar. Difor prøver Askvoll-ordførar Aud Kari Steinsland som ein siste utveg å få den nye Miljøvernministeren, Helen Bjørnøy, til å kome på besøk i havgapet. Ho meiner det er viktig for ministeren å sjå det med eigne auge kor mange øyer det er, og at utbygginga berre gjeld to av dei.
Ordføraren vil også at Miljøvernministeren skal bli kjend med planane om eit informasjonssenter for sjøfuglvern på Værlandet.