Hopp til innhold

Legeforeininga i harnisk: Talet på legespesialistar går ned – administrasjonen går opp i Helse førde

I føremiddag må styret i Helse Førde sjå på nye millionkutt. Legeforeininga krev at kutta må gå ut over ein veksande administrasjon – ikkje pasientar og legestillingar.

Hans Jacob Westbye og Oda Sandli

UROA: Styret i Helse Førde skal tysdag ta stilling til korleis dei skal handtere den økonomiske stoda i føretaket. Dei tillitsvalde Oda Sandli (Yngre legers foreining) og Hans Jacob Westbye (legeforeininga) krev at leiinga startar i administrasjonen om det skal kuttast i bemanninga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Legane ber leiinga starte i administrasjonen når Helse Førde igjen må kutte kostnader for å få orden på økonomien. Dei fryktar nye kutt skal gå utover pasientane og rekrutteringa av fagfolk.

Den økonomiske situasjonen i Helse Førde er igjen vanskeleg. Slik stoda er no, ser det ut til at helseføretaket kjem ut med eit økonomisk resultat i 2017 som er 45 millionar kroner dårlegare enn budsjettert. Det var Firda som først fortalde om problema.

Grunnane er fleire. I utgangspunktet var budsjettet stramt, samstundes har det teke lenger tid å få effekt ut av sparetiltak som alt er gjennomførte. Samstundes har kostnader med medisinkjøp auka.

Fleire byråkratar, færre legar

Hans Jacob Westbye, føretakstillistvald for legeforeininga og Oda Sandli, føretakstillitsvald for Yngre legars foreining, er begge uroa for utviklinga.

Dei fryktar at offentlege krav om rapportering skal gi mindre tid til pasientbehandling, samstundes som det må jobbast hardare og meir på tvers av fagfelt. Det fryktar dei kan gjere det mindre attraktivt å jobbe som spesialistar i små helseføretak.

– Det er utviklinga over tid som uroar meg mest. Talet på netto månadsverk i administrasjonen auka frå 324 i 2014 til 346 i 2016. Samstundes vart det færre legespesialistar i Helse Førde, forklarar Westbye.

– Pasientane først

– Vi vil ikkje gå med på tiltak som rammar pasientnære tilsettegrupper som legar, sjukepleiarar, radiografar osv. På toppen av lista vil vi sjå dei tiltaka som ikkje rammar pasientane, er den klare beskjeden.

Sandli deler uroa.

– Vi merkar eit press om at vi må vere effektive. Det som uroar oss no er signal om å spare pengar på å kutte i vaktene til legar som er i spesialisering. Dette vil redusere kvaliteten på utdanninga og auke presset på overlegane. Då vert det mindre attraktivt å vere overlege og vi kan få ein utfordrande rekrutteringssituasjon når det gjeld spesialistar, seier ho.

Forstår uroa

Børge Tvedt, konstituert administrerande direktør i Helse Førde, seier han har stor forståing for uroa blant dei tilsette. Han seier målet er å halde oppe kvaliteten på helsetenestene og å skjerme tilbodet til pasientane så langt det let seg gjere.

Børge Tvedt

ALVORLEG: Konst. administrerande direktør Børge Tvedt seier dei vil gjere det dei kan for å unngå kutt som råkar tilbodet til pasientane.

Foto: David Kandal / NRK

– Det er utfordrande situasjon. Skal vi klare å ta inn så store summar må vi sjå på bemanninga og om vi kan tilby tenestene våre på smartare og betre måtar. Vi jobbar og med å sjå på korleis vi kan utnytte ny teknologi betre og meir effektivt.

Uvisse rundt nyinvesteringar

Helse Førde har planar om å investere milliardsummar i nybygg og ei omfattande modernisering av sentralsjukehuset. Korleis situasjonen vil påverke desse planane er uvisst.

– Vi jobbar med fullt fokus på å gjennomføre dei planlagde investeringane, så vil budsjettprosessen i haust avklare om vi må gjere endringar, seier han.