NRK Meny
Normal

Politiet ber Kripos om hjelp til etterforskinga

Grunna ferieavvikling i det lokale politiet har lensmannskontoret i Luster bede Kripos om hjelp til den branntekniske undersøkinga etter dødsbrannen i Jostedalen før helga.

Brann i Jostedalen

KRIPOS: Luster lensmannskontor ynskjer hjelp frå Kripos til etterforskinga av dødsbrannen ved Myklemyr torsdag ettermiddag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Lensmann Asle Karoliussen håpar å starte dei tekniske undersøkingane i neste veke.

Ein 62 år gamal mann omkom natt til fredag etter skadane han fekk i brannen torsdag ettermiddag.

– Vi ynskjer å gjere ein så god jobb som mogleg og bruke den beste kompetansen som er, seier lensmannen og håpar å få svar frå Kripos onsdag.

Førebur undersøkingane

Karoliussen presiserer at det ikkje er noko som tyder at det har skjedd noko kriminelt.

– Vi har åstadsgranskarar i distriktet, men grunna ferieavvikling har vi bede Kripos om hjelp, seier han.

Politiet starta i dag førebuinga til den branntekniske undersøkingane i brannruinen.

Asle Karoliussen

LENSMANN: Asle Karoliussen presiserer at det ikkje er mistanke om noko kriminelt, sjølv om Luster lensmannskontor ber Kripos om hjelp til brannetterforskinga.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi er i gang med å sikre brannstaden for å gjennomføre ei åstadsgransking når det er mogleg. Vi må ta ned ein del bygningsmateriell som er til fare for dei som skal jobbe i branntomta, seier Karoliussen.

Trur dei kan få svar

Brannen vart meldt inn i 16-tida av ein forbipasserande . Fleire vitne er avhøyrde, men lensmannen ynskjer ikkje å gå i detalj om kva som har kome fram.

– Vi har avhøyrt dei første brannmenn som kom til staden, og andre som kan komme med informasjon om det som skjedde rett før hendinga. Vi meiner det er grunnlag for å tru at vi kan trekkje ut ein arnestad og kanskje få kunnskap om kva som er brannårsaka, seier Karoliussen.

– Kor krevjande blir den branntekniske undersøkinga?

– Det er vanskeleg å seie. Delar av bygningen er intakt, sett i høve til veggar og inventar. Det er mest skade på 2. etasje, men vi håpar at bygningsmassen er slik at vi skal klare å trekkje ut ein arnestad og trekkje ut ein konklusjon.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser