Hopp til innhold

Ber Kripos om hjelp for å finne brannårsaka

Kripos kjem tysdag til Atløy for å hjelpe til i etterforskinga av brannen på Løkeland krabbefabrikk.

Brannen på Atløy

TOTALSKADD: Krabbefabrikken på Herland er den siste som er att på kysten. Lokala fungerte også som fiskemottak.

Foto: Alf Vidar Snæland

Lensmann Åge Løseth fekk i dag melding om at Kripos kjem til Askvoll for å hjelpe til med den tekniske undersøkinga av branntomta.

– Årsaka er omfanget, kompleksiteten i brannen og det store arbeidet som står føre oss der ute, seier Løseth.

Starta i dag

Naudetatar på Atløy

FÅR HJELP: Lensmann Åge Løseth (t.v.) fekk i dag stadfesta at Kripos kjem til Herland for å hjelpe til i etterforskinga av brannen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Politiet har i dag starta etterforskinga med avhøyr av eventuelle vitne. Løseth seier at det arbeidet vil halde fram for fullt i dag, og dei kommande dagane.

– Opplysningar seier oss at brannen starta i bygget som før var det gamle fryseriet. Utover det kan vi ikkje førebels seie noko om årsak, seier Løseth.

Brannen starta natt til nyttårsaftan og det tok over eitt døgn å sløkkje flammane. Delar av fabrikken vart totalskadd. I frykt for at brannen skulle spreie seg, vart fire bustadhus evakuerte.

Eigarane vil ikkje uttale seg

NRK har forsøkt å få tak i eigarane av Løkeland krabbfabrikk på Altøy sidan brannen på laurdag, men dei har ikkje lyst til å uttale seg om brannen.

Ordførar Frida Melvær (H) frykta det verste då ho fekk brannmeldinga frå Atløy før helga, men er glad for at omfanget ikkje vart større.

Frida Melvær

ROSAR: Ordførar Frida Melvær meiner naudetatane gjorde ein kjempejobb som hindra brannen i å spreie seg til nabohusa.

Foto: Steinar Bauge

Vinden var sterkare både før og etter brannen.

– Det ligg ganske mange husstandar tett på fabrikken, og med dei vindforholda vi har hatt gjennom romjula, og for så vidt i går, så kunne vi sett føre oss ei ytterlegare spreiing. Heldigvis gjekk det ikkje slik, seier Melvær (H).

Rosar brannmannskapa

Det lokale brannkorpset var tidleg på staden og fekk starta sløkkinga. I tillegg frakta både ambulansebåten og ferje ytterlegare mannskap.

– Det går veldig mange tankar gjennom hovudet når du får melding om brann av ein slik karakter på ei øy. Det opplevast veldig dramatisk når du står på sidelinja, seier Melvær.

– Når ein får tilbakemeldingar om at det er giftige gassar, eksplosjonsfare og bustader tett på fabrikken, så går tankane først og fremst til dei rundt og som oppheld seg i området. Men eg opplevde at politi og brannvern hadde god kontroll og fekk evakuert dei som kunne blitt råka, legg ordføraren til.