NRK Meny

Ber jegerane om å ta prøver

Miljødirektoratet ber meir enn 4000 villreinjegerar på Hardangervidda om å ta prøver av alle vaksne dyr som blir felt. Styresmaktene ønskjer å undersøke om skrantesjuka har spreidd seg til det største villreinområdet i landet. Villreinstammen i Nordfjella, som blant anna ligg i kommunane Aurland og Lærdal, er bestemt slakta ned på grunn av den frykta dyresjukdommen skrantesjuke.